Arrangement
13
mai

Festtale til sinnafeministen – Marta Breen. Pluss konsert med Halvsøstra

Artemisia Gentilleschi, "Judith halshugger Holofernes", 1620. Ufizzi galleriet, Firenze. Foto: Wikimedia Commons
Lørdag 13. mai 2023, at 12:00 – 13:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Ho øydelegg alle hyggjelege middagar, særleg når ho har drukke. Ho klarer ikkje å ta imot ein bukett roser på valentinsdagen utan å tyte om at romantikk er sexisme. Gratulerer du henne med dagen på 8. mars, asar ho seg opp og roper «Gratulerer med kva, då? At vi har vore undertrykte i fleire tusen år?!». Ho er forbanna. Og det med god grunn.  

I sin «Festtale til sinnafeministen» tek forfattar, journalist og feminist Marta Breen oss med bak biletet av den kortklipte furia og inn i fleire hundreår med raseri.  

 

Etter festtalen blir det konsert med Halvsøstra. Halvsøstra spring ut frå den legendariske visegruppa Amtmandens døtre, som for mange var lydsporet til 1970-åras kvinnerørsle. Med fornya spelesug og gamal glød lovar dei eit skråblikk på samtida vår: oljeavhengigheit, kjærleik og storpolitikk.  Kveldens besetning: Bente Geving (mandolin, rytme, vokal) og Kjersti Martinsen (gitar, ukulele, kalimba, vokal), Venja Ruud Nilsen (bass, kastanjettar), Hege Rimestad (fele, gitar, munnspel og vokal) og Synneva Gjelland (gitar).

 

Du treng ikkje billett, men møt opp i god tid om du vil sikre deg plass. Dørene opnar 30 minutt før, og Kafé Å er open – velkommen!

 

Det er fort gjort å setje folk i bås. Då kan vi le av dei, ta avstand frå dei eller herme etter dei. I foredragsserien «Festtaler» ber vi kjende og kunnskapsrike folk om å halde talar til dei kjæraste stereotypiane våre.