Feir Fosseprisen og Fosseforedraget på Nasjonalbiblioteket!


Kva skal skje?
Følg Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar, høyr på lesesirkel om Fosseforedraget og bli med på feiringa med etterfest, DJ og eigen meny frå Credo.
Program:
16.00–17.30: Direktestrøyming av Fosseforedraget og Fosseprisen frå Slottet
17.30–18.30: Nasjonalbibliotekbaren er open med eigen meny frå Credo
18.30–19.30: Vi les Fosseforedraget. Lesesirkel med Jan Grue, Hilde Løvdal Stephens og Live Lundh. Leia av Preben Jordal. Hent billett her!
19.30–23.00: Etterfest med DJ-sett med elektronikaartist Niilas og snacks frå Credo
Kort om programmet:
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson held årets Fosseforedag, og den nederlandske omsetjaren Paula Stevens tek imot Fosseprisen for omsetjarar. På Nasjonalbiblioteket kan du sjå heile seremonien direkte overført frå Slottet frå klokka 16.00. Seremonien blir leia av nasjonalbibliotekar Åse Wetås.
Ta deg ein matbit i Nasjonalbibliotekbaren, før du set deg til rette og lyttar til lesesirkelen om Fosseforedraget. Les meir om lesesirkelen, og sikre deg plass i salen her.
Bli med på etterfest! Vi feirar både Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar i Bakgården kantine på Nasjonalbiblioteket. Elektronikaartist Niilas speler plater, og her kan du få deg noko godt både å drikke og ete.
Fosseforedraget vil vere til sals i bokhandelen.
Når og kor?
Torsdag 23. april 16.00–23:00
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Det er gratis, og du treng ikkje billett.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkommen!