Det litterære Arktis. Liv Lundberg og Henning Howlid Wærp


I den norske polarlitteraturen er Arktis ein stad lang borte, eit eventyr i eit farleg og audt landskap. Men nord for polarsirkelen har òg fire millionar menneske sin heim. Kva rolle har førestillinga om det arktiske spelt i den norske kulturhistoria? Og korleis viser nordområda seg i norsk litteratur?
Litteraturprofessor Henning Howlid Wærp har i forskingsprosjektet «Arctic Modernities» og i boka Arktisk litteratur som kom i haust, mellom anna sett nærare på litteratur om og frå Arktis. Forfattaren Liv Lundberg underviser ved forfattarstudiet i Tromsø, og har i fleire av sine dikt reflektert rundt det arktiske med både eit konkret og eit symbolsk blikk. No møter dei kritikar og litteraturvetar Cathrine Strøm til samtale om litteraturen frå og om nord, og om Arktis som noko framand og noko nære.
Arrangementet er ein del av det internasjonale biblioteksamarbeidet «Arctic Imagination».
15.11 | Hav som stig, is som smeltar. Maja Lunde og Christian Bjørnæs
20.11 | I spora etter polare heltar. Børge Ousland og Monica Kristensen og Siv Frøydis Berg
22.11 | Det litterære Arktis. Liv Lundberg og Henning Howlid Wærp
Landområda nord for polarsirkelen er ikkje berre ein del av Noreg reint geografisk. Førestillinga om nordmenn som eit folk som erobrar isen har vore ein viktig del av forteljinga om oss. Dei siste hundre åra har Arktis og Nordpolen gått frå å vere ein farleg og mytisk stad, til å bli eit globalt bilete på klimaendringane. Frå å vere eit isøyde som skulle erobrast av eventyrarar og nasjonalheltar, har det blitt eit område som må vernast for å stogge den smeltande isen.
«Arctic Imagination» er eit internasjonalt formidlingssamarbeid mellom seks bibliotek på tvers av Atlanterhavet. New York Public Library, Det Kongelige bibliotek i København, Grønlands Landsbibliotek, Nasjonalbiblioteket i Sverige, Stockholm Stadsbibliotek og Nasjonalbiblioteket i Noreg arrangerer i haust ei rekkje samtalar og føredrag om Arktis som stad og som førestilling i litteraturen, historia og samfunnet, og om utfordringane og ansvaret som står framfor oss.
Les meir om prosjektet og sjå historisk materiale frå dei ulike biblioteksamlingane på arcticimagination.com.