Den store bunadsfesten

6. mai kl. 12:00 - 16:00Gratis inngang
Kvinne i bunad
Foto: Solveig Lund

Informasjon

Det er snart 17. mai, og bunaden skal fram frå skapet. Kom til Nasjonalbiblioteket med skrukkete skjorter og blasse søljer; vi arrangerer ein heil festdag til ære for klesdrakta som vekkjer så sterke kjensler, som er så vakker – og så latterleg kostbar: bunaden. Du skal få hjelp til å stoppe hòlet i den pene skjorta, få gode råd om korleis du kan pusse sølja, sy inn og ut livet eller berre stramme opp eit lausna broderi. 

  • Fire av nasjonens fremste bunadsekspertar sit heile dagen i Kafé Å, klare til å hjelpe deg med å få bunaden din til å skine. 
  • Vi har funne fram dei vakraste og mest morosame bøkene om bunadar, og vi stiller med ein spesialrettleiar som hjelper deg med å finne oppskrifter, historier og bilete av alt frå Hulda Garborg til nupereller.  
  • Det blir spørjetime i storsalen der du kan spørje om alt du lurer på om bunad. For kva er eigentleg forskjellen mellom ei festdrakt og ein bunad? Kvifor har alle på Oslo vest beltestakk frå Aust-Telemark? Korleis skal bunaden henge i skapet – og korleis fjernar ein sjampanje og ketsjup? 
  • Vi inviterer deg òg til verkstad i plattsaum (ullbroderi) med femtegenerasjons bunadsutviklar Siri Sveen Haaland. Hennar tippoldemor sydde si første drakt i 1887, og sidan har kvinnene i familien teke vare på kunnskapen. Meld deg på kurset – det er ope både for deg som aldri før har teke i ei nål, og for deg som er meir driven. Billettar er tilgjengeleg 3 veker før. 
  • Vi viser fram film og bilete med bunad og folkedans frå arkiva og tek inn bøker og handverks-kit for dei som vil kjøpe med seg bunadsinspirasjon heim. 

Innimellom alt dette byr vi òg på rømmegraut, spekekjøt og raud saft.  

Velkommen! 

Kommende arrangementer