7
des

Den beste gåva. Høgtlesing med Ullmann, Loe, Stålsett og Gulbrandsen

Foto av deltagerne
Frå venstre: Erlend Loe. Foto: Anna-Julia Granberg Blunderbuss, Cappelen Damm / Gunnar Stålsett. Foto: Bendik J.S. Follesø / Linn Ullmann. Foto: Agnete Brun Forlaget Oktober / Liv Gulbrandsen. Foto: Stine Friis Hals
Lørdag 7. desember 2019, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Det finst vel ikkje ei betre gåve enn når nokon med omsut har vald ei god bok å lese høgt frå for deg. I høve 500 års-jubileet til den norske boka, manar Nasjonalbiblioteket forfattarar og godtfolk til å dele eit stykke dei har stor kjærleik til, med eit lyttande publikum. Denne dagen kjem Linn Ullmann, Erlend Loe og Gunnar Stålsett for å lese og fortelje om boka dei har vald seg ut, saman med prosjektleiar for Bokåret 2019 Liv Gulbrandsen. Kvifor er dette den beste gåva å få? Ta med deg ein ven eller strikketøyet, og ta inn litteraturen slik han i tidlegare tider blei overlevert: frå munn til øyre.

Gratisbillettar er tilgjengelege på nb.no frå 23. november.