Ekstern arrangør
12
apr

Berge Furre – Kristentru, sosialisme og målsak

Portrettbilder av en kvinne kledd i rødt og en eldre mann
Fra venstre: Arnhild Skre og Sverre Tusvik
Onsdag 12. april 2023, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Med utgangspunkt i biografien , Berge Furre Eit liv i rørsle, samtalar Arnhild Skre med Sverre Tusvik om kva ho fann i det omfattande arkivet etter Furre. Kva braut med det offisielle biletet av mannen? Kva for dilemma stod han overfor personleg og politisk? Kva med prestestudenten som mista trua, fredsvennen som hamna i naiv beundring for DDR og sosialisten som vart helt for Frp-bøndene på Jæren? I over eit halvt hundreår har Berge Furre skrive og prega historia om Noreg. Slik blir også denne kvelden ein samtale om sentrale stridsemne i nyare norsk historie.

Arnhild  Skre er historikar og forfattar og har blant anna skrive biografiar om Hulda Garborg og Theodor Kittelsen.

Sverre Tusvik er tidligare sjefredaktør i Det Norske Samlaget.