25
sep

Barrierebrytaren. Dag O. Hessen om Kristine Bonnevie

Bilde av Bonnevie og Hessen
Tirsdag 25. september 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

I 1912 fekk Noreg sin første kvinnelege professor. Zoologen og biologen Kristine Bonnevie (1872–1948) blei også det første kvinnelege medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og fekk både Kongens Fortjenstmedalje i gull og blei riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. Bonnevie deltok med vesentleg innsats i celledelings- og kromosomforskingas grunnleggjande periode (1900–1914), før ho seinare fordjupa seg i studiar om at eigenskapar går i arv. Ho var kjent som ein inspirerande forelesar, ein ivrig formidlar, og for sine sterke sosiale interesser.

Biologiprofessor Dag O. Hessen er også kjent som ein dyktig formidlar. Han står bak ei mengde artiklar og fagbøker – blant anna er han medforfattar av boka Kristine Bonnevie – et forskerliv. I kveld snakkar han om Bonnevies forsking og arven etter denne.

Arrangementet er ein del av Nasjonalbibliotekets serie om norske vitskapspionerar.

Hugs at du kan sikre deg gratisbillettar til Nasjonalbibliotekets arrangement. Sjå billettlenkje.