Digitalt arrangment
4
jun

Bak jentenamn og ektemenn

Enkja Jørgine Fossen frå Nesbyen saman med åtte av dei tretten barna sine.
Enkja Jørgine Fossen frå Nesbyen saman med åtte av dei tretten barna sine. Foto: ukjend (1907/1908), frå privat album.
Torsdag 4. juni 2020, at 14:00 – 15:00

Slektshistorieverkstad

Slektsforskarar opplever ofte at det er vanskeleg å finne formødrene våre. Dei verkar usynlege, men dei finst i kjeldene. Gøymde bak jentenamn og ektemenn er dei der, ein stad i augekroken. Ved hjelp av ressursar som Lokalhistoriewiki, Nettbiblioteket og Historisk befolkningsregister kan vi finne dei skjulte kvinnene. Gjennom døme frå tre hundreår viser vi korleis vi kan bruke dei nye reiskapane til å finne dei vi leiter etter – og til å få dei vi har funne, fram i lyset for andre òg.

 

Video blir lagt ut her kl. 14.00, følg med!