Logg inn English
6
mar

Abortkampen. Nylander, Skard, Moræus Hanssen & Kaluza

Tirsdag 6. mars 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

For førti år sidan vedtok Stortinget – med ei stemme overvekt – lova om sjølvbestemd abort. Abort hadde vore lovleg sidan 1964, men ei nemd avgjorde om kvinna fekk avslutte svangerskapet eller ikkje. Abort var ei av hovudsakene for kvinnerørsla på 70-talet, og både i politikken og blant folket var frontane steile og kjenslene sterke.

Lege Gro Nylander var nyfeminist og aksjonerte for kvinners sjølvråderett. Torild Skard var sentral i SV og deltok aktivt i debatten som stortingsrepresentant fram til 1977. Ingeborg Moræus Hanssen leia Høgre si feministgruppe, som sto midt i dei ideologiske debattane i Høgre dette tiåret. No møter dei forfattar og samfunnsdebattant Susanne Kaluza til samtale om ein av 70-talets store samfunnsdebattar.

ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» 1.—24. MARS:
1970-talet var eit tonegjevande tiår for den norske kvinnekampen. Eit stor sosialt medvit og eit sterkt engasjement vaks fram, med politiske aksjonar, organisasjonar og rørsler som fremma varige endringar i det norske samfunnet.

Med dette tiåret som utgangspunkt gjev Nasjonalbiblioteket i mars eit lite blikk inn i delar av den norske kvinnekampen. Plakatar og litteratur frå Nasjonalbibliotekets samling viser spor av aktivismen og protestane som prega tida, og vi inviterer til ei rekkje arrangement som tematiserer kvinnekampen på 70-talet og korleis denne forgreinar seg inn i samtida. Vi lanserer samtidig boka Kvinnekamp. Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs, som teiknar opp historia til den aller fyrste norske kvinnesaksgruppa.

PROGRAM
1.3. kl. 19 | Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet Gerd Brantenberg, Liv Køltzow, Tove Nilsen, Kari Bøge og Kaja Schjerven Mollerin. Minikonsert med musikk av Amtmandens døtre
2.3. kl. 19 | Skuld: Norges første bøllekurs. Foredrag ved Marta Breen
6.3. kl. 19 | Abortkampen. Nylander, Skard, Moræus Hanssen & Kaluza
7.3. kl. 19 | Straffelov, kjønn og seksualitet. Føredrag ved Ragnhild Hennum
8.3. kl. 20 | Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg, Mikkelsen & Bhar
13.3. kl. 19 | Det personlege og det politiske. Helseth, Mehsen, Gunnes & Bru
15.3. kl. 19 I Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum

Foto: NTB Scanpix