Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet

Abort, homofili, kjærleik, familieliv, arbeidsvilkår og patriarkat var tema som blei diskuterte i den norske litteraturen på 1970-talet. Det same tiåret fekk òg feministiske tenkarar som Simone de Beauvoir, Aleksandra Kollontaj og Suzanne Brøgger det store gjennomslaget sitt i Noreg. I utstillinga «Kvinnekamp» løfter Nasjonalbiblioteket mellom anna fram litteratur frå 1970-talet med ein kvinnepolitisk bodskap. Blant forfattarane er Tove Nilsen, Liv Køltzow, Gerd Brantenberg og Kari Bøge, som no møter litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin til ei samtale om kvinnekampen i litteraturen.
Etter samtala kjem Hege Rimestad, Kjersti Martinsen og Bente Geving frå Amtmandens døtre, som saman med bandkollegane Venja Ruud Nilsen og Irene Tillung i Halvsøstra gjev oss den taktfaste lyden av kvinnekampen på 70-talet.
ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» 1.—24. MARS:
1970-talet var eit tonegjevande tiår for den norske kvinnekampen. Eit stor sosialt medvit og eit sterkt engasjement vaks fram, med politiske aksjonar, organisasjonar og rørsler som fremma varige endringar i det norske samfunnet.
Med dette tiåret som utgangspunkt gjev Nasjonalbiblioteket i mars eit lite blikk inn i delar av den norske kvinnekampen. Plakatar og litteratur frå Nasjonalbibliotekets samling viser spor av aktivismen og protestane som prega tida, og vi inviterer til ei rekkje arrangement som tematiserer kvinnekampen på 70-talet og korleis denne forgreinar seg inn i samtida. Vi lanserer samtidig boka Kvinnekamp. Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs, som teiknar opp historia til den aller fyrste norske kvinnesaksgruppa.
PROGRAM
1.3. kl. 19 | Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet Gerd Brantenberg, Liv Køltzow, Tove Nilsen, Kari Bøge og Kaja Schjerven Mollerin. Minikonsert med musikk av Amtmandens døtre
2.3. kl. 19 | Skuld: Norges første bøllekurs. Foredrag ved Marta Breen
6.3. kl. 19 | Abortkampen. Nylander, Skard, Moræus Hanssen & Kaluza
7.3. kl. 19 | Straffelov, kjønn og seksualitet. Føredrag ved Ragnhild Hennum
8.3. kl. 20 | Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg, Mikkelsen & Bhar
13.3. kl. 19 | Det personlege og det politiske. Helseth, Mehsen, Gunnes & Bru
15.3. kl. 19 I Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum
Foto Nilsen: Forlaget Oktober. Foto Brantenberg: Mina Moe Ribaut. Foto Køltzow: Niklas R. Lello. Foto Bøge: Andreas Bache-Wiig.