Med Ted Skjellum og Harald Fossberg
OBS: På grunn av vekterstreiken blir dette arrangementet gjennomført utan publikum. Arrangementet blir strøymt direkte på Facebook og nb.no.
I 1992 utgav Darkthrone A Blaze in the Northern Sky. Det blei spilt inn i Kolbotn, og sjølv om det var det andre albumet til bandet, var det deira fyrste i sjangeren black metal. Albumet fikk ekstremt mykje innverknad, og sette standarden for ei bølge av norske band som den dag i dag blir omfamna over heile verda. Kor kom 90-talets black metal-bølge frå, og kvifor har musikken framleis appell?
Ei fyrsteutgåve av LP-en A Blaze in the Northern Sky er med i Nasjonalbibliotekets nye utstilling om norsk kulturhistorie, og denne kvelden ser du Darkthrone-vokalist og gitarist Ted Skjellum alias Nocturno Culto i samtale med journalist og forfattar Harald Fossberg.
2020 har vore eit dramatisk og djuptgripande år. Konsekvensane av covid-19-pandemien kjem vi til å ta med oss langt inn i det nye tiåret, slik 1920-åra også blei merkt av spanskesykja (1918–1920). I haustens serie «Tiår for tiår» begynner vi med nettopp spanskesykja og ser så nærare på dei neste tiåra fram til i dag gjennom arrangement og digitalt innhald med materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling. Kva har prega oss? Kva har vi lest, lytta til, lært av – og kva har vi gløymt?