- Gorm K. Gaare
- 22.02.2020
Arbeidet med lova byrja under Håkon Håkonsson (1217–1263) og blei fullført i 1274 under sonen, Magnus Håkonsson (1263–1280). Magnus fekk difor tilnamnet Lagabøte – «lovforbetraren».
Lova er å finne i Codex Hardenbergianus, ei usedvanleg vakker bok som Det kongelege bibliotek i København har lånt ut for at ho skal bli ein del av Nasjonalbibliotekets nye utstilling «Opplyst».
I «Opplyst» løfter vi skattar frå norsk kulturhistorie opp frå dei mørke magasina og fram i lyset. Desse objekta representerer augeblikk i den felles historia vår og fortel om store gjennombrot, kreative meisterverk og avgjerande hendingar som har forma ytringsrommet vårt og nasjonen vår. Samlinga er det nasjonale minnet vårt, og her hentar vi forteljingar om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Opplyst er ei slik forteljing.