Trondheim i mellomalderen

PODKAST: Korleis ble Trondheim et maktsenter i mellomalderen?

Byen var i mellomalderen setet for dei norske erkebiskopane. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlag av Olav Trygvasson i 997. Trondheim låg i maktområdet for ladejarlane. Dei var ei fyrsteslekt som kontrollerte Trøndelag og Nord-Norge, eit område rikt på naturressursar i både havet og på fjellet.

Denne rikdommen må ha vore noko av bakgrunnen for at det norske erkebispesetet vart lagt til Trondheim i 1153. Med det kom både eit lærdomsmiljø til byen, men òg politisk makt. Alt visualisert gjennom Nidarosdomen, som trona over byen som det største byggverket i norsk mellomalder. Trondheim var òg ein viktig kongeleg residensby på byrjinga av 1200-talet, og med Landslova av 1274 vart Trondheim òg staden kongeval skulle skje.

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?