Tiåret då det svartna. Om Noreg, 90-talet og svartmetall.

Kva var det som skapte grobotn for eit så ekstremt kulturuttrykk som svartmetallen? Kjetil Manheim var 15 år da han var med på å starte det legendariske bandet Mayhem på Langhus. Det var byrjinga på ein mørk og skurrande musikksjanger som skulle komme til å utfordre alt av OL-feber og mintgrøne grilldressar.

Filosof Helge Kaasin har skrive boka Snø og granskog. Språk, ideologi og nasjonalromantisk raseri i norsk svartmetall. Nazneen Khan-Østrem er kommentator i Aftenposten, tidlegare musikkjournalist og redaktør for boka Dødsarkiv. Saman med Manheim leiter dei etter koplinga mellom tidsånda, historia og musikken. Kvifor trefte svartmetallen unge tenåringshjarte så hardt, og kva idear låg bak den særeigne norske svartmetallen? Til å leie oss gjennom samtala har vi musikkjournalist og redaktør Audun Vinger