Venstre: Kong Oscar II av Noreg og Sverige (levde frå 1829 til 1907). Ukjend fotograf og årstal, men truleg frå mellom 1850 og 1900. Høgre: Kronprinsesse Märtha av Noreg (levde frå 1901 til 1954) med prins Harald av Noreg (fødd 1937). Fotograf: Anders Beer Wilse, utgjeve av Damm i 1937.
Dei kongelege har vore ynda objekt for portrett i lange tider, men korleis dei har vore framstilt har endra seg. Her er eit utval av våre favorittportrett frå 1800- og 1900-talet.
Journalist
Live Vedeler Nilsen
Ein mynt i lomma, eit frimerke på ein pakke, eit avisutklipp på ein utedo – truleg har du omgjeve deg med nokre av desse formene for kongeportrett i løpet av livet.
I tillegg til å vere viktige symbol for nasjonen på pengar og utedoar har norske kongelege vore ynda objekt for målarpenslar og kameralinser, og det finst ei heil mengd staselege portrett av kongelege frå langt tilbake i tid.
Her har vi plukka ut nokre av våre favorittportrett i to biletkarusellar, før og etter 1905.
Kongelege 1814-1905
Oscar II, konge av Noreg og Sverige og hertug av Östergötland. Han var den siste av unionskongane. Portrette vart teke i 1888. Fotograf: Ludwig Szacinski de Ravics.
Frederik VII av Danmark og grevinne Danner. Frederik VII var sonen til Christian Frederik, konge av Noreg i 1814. Frederik vart aldri konge av Noreg som sin far. Louise Rasmussen, grevinne Danner, var den tredje kona til Frederik VII. Teke på 1850- eller 60-talet. Fotograf: Rudolph Striegler.
Dronning Louise av Sverige og Noreg (1828-1871) var ei nederlandsk prinsesse som gifta seg med kong Karl av Sverige og Noreg. Dette portrettet er teke av Carl Christian Wischmann, truleg i siste halvdel av 1800-talet.
Prins Carl av Sverige og Noreg (1861-1951), hertug av Västergötland. Han var den tredje sonen til kong Oscar II. Han var også morfar til kong Harald V av Noreg. Portrettet er teke ein gong mellom 1867 og 1871, og er utgjeve av W. A. Eurenius & P. L. Qvist.
Prinsesse Eugénie Bernadotte (1830-1889) av Noreg og Sverige. Ho var dotter av kong Oscar I og Josefine av Leuchtenberg. Portrettet vart utgjeve av W. A. Eurenius & P. L. Qvist – truleg i siste halvdel av 1800-talet.
Gustav V av Sverige og dronning Victoria, forlovelsesbilete. Utgjeve av Th. Schuman og Sohn i 1881.
Dronning Sofie (1836-1913) av Noreg og Sverige, gift med Oscar II. Kjend som ei liberal dronning som var mykje i Noreg, då særleg i Kongsvinger, om sommaren. Vi veit ikkje når protrettet vart teke – truleg mot slutten av 1800-talet. Fotograf: Gösta Florman.
Arthur Tennøe, seksjonsleiar for bilete, trykk og konservering ved Nasjonalbiblioteket, om skilnaden mellom tidlege og seinare kongelege portrett:
Frå 1800-talets studiofigurar til 1900-talets personlegdomar
«I fotosamlinga finst mange portrett av kongelege både før og etter 1905. Gjennom fotografiet kunne dei presenterast for offentlegheita på ein måte som viste dei fram i deira kongelege rolle gjennom klede og andre symbol. Før 1905, då det svenske kongehuset regjerte over Noreg, vart portretta ofte tekne i studio. I 1905 fekk Noreg sitt eige kongehus som befolkninga vart kjend med gjennom fotografi. Dette var ein periode der ein gjorde opptak i meir varierte og mindre formelle situasjonar, som til dømes heime hos dei eller i friluft. Då kom ein ofte nærare dei portretterte personane.»
Kongelege etter 1905
Haakon VII av Noreg (1872-1957), Noregs første konge etter unionsoppløysinga. Han sit i ein mellomting mellom eit privatrom og eit representativt arbeidsrom. Fotografiet er signert "L. Szacinski" – Ludvig Szacinski, men det er teke i 1906, og Szacinski døydde i 1894, så det er truleg enkja Hulda Szacinski som har teke dette.
Dronning Maud av Noreg (1869-1938), Noregs første dronning etter unionsoppløysinga, og kronprins Olav av Noreg (1903-1991). Fotografiet er truleg teke i dei tidlege åra av Haakon VII og Mauds regjeringsperiode i Noreg, og er utgitt av Mittet & Co.
Kronprins Olav av Noreg (1903-1991) som barn. Portrett og maleri. Truleg laga mellom 1905 og 1915, utgitt av Mittet & Co. AS.
Prinsesse Märtha, kronprinsesse av Noreg (1901-1954) og gift med den seinare kong Olav V. Utgitt av Mittet & Co. AS ein gong mellom 1929 og 1950.
Prinsesse Ragnhild (1930-2012), seinare Ragnhild Alexandra Lorentzen, eldstedotter til kong Olav V og kronprinsesse Märtha. Fotografiet er teke tidleg på 1930-talet. Utgjevar: Mittet & Co. AS og Sjøwall.
Prinsesse Ragnhild (1930-2012) eller prinsesse Astrid (1932-), teke mellom 1930 og 1940. Utgitt av Mittet & Co. AS og Sjøwall.
Kronprins Olav (1903-1991) fotografert på eit arbeidsrom ein gong på 20- eller 30-talet. Fotografiet er teke av Anders Beer Wilse og utgitt av Mittet & Co. AS.
Søk i Nasjonalbibliotekets kongeportrett
Vil du lese fleire sakar frå Nasjonalbiblioteket? Kanskje du vil like ein av desse: