«Regjeringskrise» i norske aviser

Mowinckels treie regjering. Mowinckel, Liestøl, Five, Jahn, Sunde, Kobro, Meling, Mjelde og Utheim. Utgivar: Borgens atelier, 1935.

Omgrepet «regjeringskrise» tyder ifølgje Store Norske Leksikon ein situasjon der ei regjering har innlevert sin avskjedssøknad og inga regjering ny er utnemd. Men ordet har vore brukt i mange samanhengar i norske aviser sidan 1905. Her får du nokre dømer.

Grafen under syner kor ofte ordet «regjeringskrise» og ulike variantar av ordet dukkar opp i dei digitaliserte norske avisene mellom 1905 og 2005, og syner den relative frekvensen av ordbruken. Alle avisene frå perioden er ikkje digitaliserte enno, så grafen er ikkje heilt presis, men den vil likevel kunne gi eit ganske godt bilete av dei store linjene.

Kjelde: NB N-gram.

For nokre av årstalla som har mange treff på ordet, som til dømes 1957, brukast ordet mest i utanrikspolitiske saker. I 1957 brukte norske aviser «regjeringskrise» om mange situasjonar i utlandet, som til dømes om den politiske situasjonen i Finland, Danmark og Sverige, og ei krise for regjeringa i Frankrike som følgje av ein landsomfattande streik.

Her har vi undersøkt avisene frå nokre av årstala i grafen for å sjå nærare på i kva for samanheng ordet vart nytta i innanrikssakar.

1926: Mowinckel og usemje om budsjettet

Johan Ludwig Mowinckels første regjering, ei rein venstreregjering, fekk fleirtalet mot seg i Stortinget og måtte gå av. Årsaka var at Høire og Bondepartiet meinte at den økonomiske situasjonen kravde eit betydeleg kutt i dei offentlege utgiftene og ein stans i gjeldsauken til staten. Budsjettet til regjeringa oppfylte ikkje desse krava, meinte dei.

Ivar Lykke frå Høire tok over for Mowinckel, og Høire og Frisinnede Venstre danna ei mindretalsregjering.

1935: Mowinckel må gå av for treie gong

Mowinckels treie regjering. Mowinckel, Liestøl, Five, Jahn, Sunde, Kobro, Meling, Mjelde og Utheim. Utgivar: Borgens atelier, 1935.

Mowinckels tredje regjering vart utnemnd i mars 1933 som følgje av eit mistillitsvotum mot Jens Hundseids regjering i spørsmålet om økonomiske innstrammingar. Men berre to år seinare søkte regjeringa avskjed – Arbeiderpartiet og Bondepartiet hadde inngått eit forlik i Stortinget, og Nygaardsvold-regjeringa overtok.

Det var treie gong Mowinckel måtte gå av utan å tape eit val – også i 1931 hadde regjeringa hans vore gjennom ei krise, den såkalla «Lilleborgsaka», som kort fortalt handla om kvotefordeling mellom dei norske margarinfabrikkane, og som enda med at regjeringa Mowinckel tok avskjed.

1963: Kings Bay-saka

Den forferdelege gruveulykka på Svalbard i 1962 og den påfølgjande rapporten som vart lagd fram sommaren 1963 utløyste ei krise for regjeringa til Einar Gerhardsen.

Det var den første stortingsperioden etter krigen at Arbeiderpartiet ikkje hadde reint fleirtal på Stortinget, og etter denne saka måtte Gerhardsen-regjeringa tre av til fordel for regjeringa til John Lyng – den første borgarlege regjeringa i Noreg etter krigen.

I dei digitaliserte avisene til Nasjonalbiblioteket dukkar ordet «regjeringskrise» opp 1763 gonger i eit søk på året 1963, det er meir enn tre gonger så mange treff som i 1962.

1971: Per Borten og EF-saka

I mars omtalte Dagbladet eit hemmeleg notat frå ein samtale mellom ein norsk embetsmann og ein frå Europakommisjonen. Notatet vart den utløysande årsaka til det avisene omtala som ei regjeringskrise.

Statsminister Per Borten vart skulda for å vere den hemmelege kjelda til Dagbladet. Den spente stemninga rundt EF-spørsmålet gjorde saka betent, og til slutt heldt ikkje det borgarlege regjeringssamarbeidet lenger. Borten måtte gå av som statsminister, sjølv om ein seinare fann ut at det ikkje var han som hadde lekt dei fortrulege opplysningane.

I 1971 var det også mykje snakk om ei usemje i finansdebatten, og avisene spekulerte i om usemja ville utløyse regjeringskrise. Her er eit døme på det frå avisa Tromsø. 

Dette er berre nokre av døma på saker der ordet «regjeringskrise» har vore nytta i norske aviser – det er mange fleire dømer i dei digitaliserte avisene, som du sjølv kan undersøkje på nb.no. 

Fleire artiklar frå Nasjonalbiblioteket: