Brukte fargefoto for å verne om naturen

Ho har blitt kalla grønstrømpe og var ein av dei første miljøforkjemparane i Norge.

Biolog Hanna Resvoll-Holmsen var ein pioner når det gjaldt å ta i bruk fargefoto, og brukte det blant anna i sitt arbeid for å verne naturen. Mange av bileta er over 100 år gamle.

Då vi spurde leiar for fotoavdelinga på Nasjonalbiblioteket Arthur Tennøe om å velje ut eitt foto frå heile samlinga vår, valde han eit fargefotografi som Resvoll-Holmsen tok ved Tessevann i Lom i 1911.

https://www.facebook.com/nasjonalbiblioteket/videos/964274487304580/

Oppdag fleire videoar frå Nasjonalbiblioteket: