Logg inn English

Lova som fortalde korleis ein skulle handtere fulle folk i gatene

Bylova er 750 år. Ho regulerte livet i norske byar i mellomalderen. Mykje handla om fyll og brann.

Norrønfilolog Magnus Rindal har omsett Bylova, vedteken i 1276 i regjeringstida til Magnus Lagabøte, til moderne norsk, til glede for nye lesarar.

Norrønfilolog Magnus Rindal har arbeidd med handskrifter frå mellomalderen heilt sidan 1960-åra. No har han omsett Bylova, som blei vedteken i 1276 i regjeringstida til Magnus Lagabøte, til moderne norsk til glede for nye lesarar. Lova regulerte livet i byane, til dømes korleis smeden og bakaren skulle utføre brannfarleg arbeid, og korleis ein skulle handtere fulle folk i gatene.

Det er fascinerande å lese dei gamle handskriftene, meiner Rindal. Handskriftene er dei einaste skriftlege kjeldene vi har frå mellomalderen, og alle er unike. Det finst ikkje to like. Eit menneske har, for mange hundre år sidan, skrive eller skrive av boka med si eiga handskrift – og ofte med si eiga tolking òg, for det var vanleg å leggje til noko eller endre på teksten i ei bok, sjølv om ein berre skulle lage ein kopi.

Omsetjinga til Magnus Rindal og den nye utgåva er utgangspunkt for eit foredrag av professor Kristin B. Aavitsland, som kjem til Nasjonalbiblioteket i Oslo 24. august for å snakke om byen ut frå tankeverda i mellomalderen.

Skaff deg Magnus Lagabøtes bylov her.

Kanskje du også har interesse av disse: