Logg inn English

Kva var tidlegare tidars airfryar?

Knut Nærum fortel noregshistoria gjennom avdanka kjøkkenreiskapar.

En mann ser undrende på et type redskap som tilhører kjøkkenet, men som er usikker på hva brukes til.

Kven har vel ikkje kjøpt ein kjøkkendings som verka som ein glimrande idé der og då, men som sidan har hamna bakarst i skapet?

19. september kjem Knut Nærum til Nasjonalbiblioteket for å fortelje noregshistoria gjennom avdanka kjøkkenreiskapar, og vi treng di hjelp.

Send oss eit bilete av din favoritt blant dei avdanka kjøkkenreiskapane dine, og fortel kort om kvifor han hamna bakarst i skapet. Bruk e-postadressa skapet@nb.no.

Kanskje blir akkurat din kjøkkenreiskap ein del av foredraget til Knut Nærum!

Foredraget er forresten ein del av Handverksfestivalen, som blir arrangert på Nasjonalbiblioteket på Solli plass 18. og 19. september og har kjøkkenet som tema.

Kanskje du også har interesse av disse: