Glimt frå ein kulturhistorie: Altaaksjonane

I åra mellom 1979 og 1981 blei det arrangert folkeaksjonar, sveltestreik og sivil ulydnad for å stoppe utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget. Miljøaktivistar og samar kjempa saman for å verne om fisken som svømde i elva, reindrifta og heile livsgrunnlaget for folka og naturen som ville bli ramma av ei utbygging.

Og sjølv om kunst og musikk blei brukt som våpen, var kampen blodig alvor. Kunstnaren, joikaren og fotografen Niillas Aslaksen Somby var ein av dei som stod fremst i kampen mot utbygginga. Han var med på sveltestreiken framfor Stortinget i Oslo i 1979 og mista ei hand og eit auge då han prøvde å sprengje ei bru i Alta i 1982.  

Framom Stortinget sveltestreika også ein annan som sidan har via livet til samisk politikk og kamp, Bjarne Store-Jakobsen. Saman fortel dei om kva dei opplevde, og kva dei kjempa for. Vi vil òg få sjå dei private bileta til Niillas Aslaksen Somby frå aksjonen.  

Etter forteljarstunda kjem Mari Boine og joikar for oss. Vi får mellom anna høyre «Máze», joiken til bygda som stod i fare for å bli lagd under vatn som følgje av planane om å byggje ut Alta-Kautokeino-vassdraget.