Logg inn English

Fosse-manus dukka opp etter 42 år

Jon Fosse: – Eg var heilt sikker på at manuset til Raudt, svart var forsvunne.

Bilde av Jon Fosse som sitter på en benk i Slottsparken.

Då Jon Fosse debuterte med boka Raudt, svart i 1983, fekk han beskjed av forlagskonsulenten å kutte ned den gjentakande forma som han seinare skulle bli så kjend for. Den unge Fosse høyrde etter konsulenten og kutta ned teksta.

Seinare har nobelprisvinnaren angra på at han høyrde på forlaget, men både Fosse sjølv, forlaget og alle andre har trudd at originalteksta hadde gått tapt – til no. Då Fosse rydda ut av barndomsheimen i Strandebarm i sommar, dukka nemleg det som ser ut til å vere fyrsteutkastet av Raudt, svart fram.

– Eg var heilt sikker på at  manuset til Raudt, svart var forsvunne. Det kan verka som om det er fyrstemanuset, som i så fall faktisk er interessant også for meg! Eg meiner jo at romanen vart dårlegare og dårlegare di meir eg strauk, seier Jon Fosse.

Fotografi av et manus skrevet på maskin med rettelser for hånd med blyant som ligger i ei mappe av papp som akkurat er i ferd med å bli åpnet.

Kanskje du også har interesse av disse: