Folkeeventyra – ei suksesshistorie

Det var ein gong… to unge menn som samla inn norske folkeeventyr. Lite visste Asbjørnsen og Moe at deira vitskapelege arbeid skulle bli lese på sengekanten for fleire generasjonar norske barn etter at dei to for lengst var borte.

  • Live Vedeler Nilsen
  • 30.09.2019

To gode vener frå barndomstida på Ringerike reiste i 1830-åra rundt omkring i Noreg og samla folkeeventyr og segner. Dei hadde vore i kontakt med og blitt inspirert av to brør frå det som då var ein laus konføderasjon av tyske statar. 

Brørne var Jacob og Wilhelm Grimm, og dei hadde gjort stor suksess blant sine med-tyskarar med sine samlingar av tyske folkeeventyr. Nasjonalismen hadde for alvor begynt å breie seg i Europa, og interessa for det folkelege, i Grimm-brørnes tilfelle det folkeleg tyske, var sterk. 

Brørne hadde imidlertid ikkje sett seg føre å samle inn eventyr som eit reint nasjonalsamlande prosjekt, men som ein nøysam, vitskapeleg analyse: Eventyr og segner vart skrevne ned nett som dei blei fortald, med brørnes ordforklaringar og introduksjonar. 

Portrett av Peter Christen Asbjørnsen av Narve Skarpmoen. Reprofotografi av grafisk trykk. Foto frå Nasjonalbibliotekets arkiv.

Dette inspirerte Asbjørnsen og Moe til å gjere det same i Noreg, som var påverka av dei same nasjonalistiske og etter kvart nasjonalromantiske rørslene som i dei tyske statane.

Dei gjekk fram med same vitskapelege metode – dei reiste rundt og samla inn munnlege balladar, eventyr og segner, og skreiv dei ned slik dei blei fortald.

Resultatet vart det vi i dag kjenner som kanskje det norskaste av det norske, nemleg Asbjørnsen og Moes folkeeventyr. Dette i tillegg til ein heil del av Asbjørnsens ugivingar av segner og huldreeventyr, samt frekke erotiske historiar som ikkje såg dagens lys før mange år seinare. 

– Eigentleg var ikkje dette noko nasjonalt prosjekt, slik vi tenkjer oss det i dag. Dei reiste litt rundt i Nordmarka og på Østlandet, kanskje bevega dei seg litt oppover i Gudbrandsdalen, men i røynda var det nokså lokalt. 

Det seier Anne Eidsfeldt, fagansvarleg for den bokhistoriske utstillinga «Lause typar og stramme bind» ved Nasjonalbiblioteket. Ho kan fortelje at der vi i dag kanskje ikkje har noko bevisst skilje mellom eventyr og segner, var skilnaden stor då Asbjørnsen og Moe samla dei inn. 

Skumle segner vart uglesett av borgarskapet

– Eventyra var tidlause forteljingar – «det var ein gong for lenge sida» – dei var ikkje knytta til nokon bestemt tid eller plass. Men segner, det var noko folk trudde på, og det handla ofte om overnaturlege ting. I Noreg inkluderte segnene ofte skumle vesen som huldra, vette, troll, gjenferd eller dauingar. Så det var i verkelegheita to ulike ting, seier Eidsfeldt. 

Anne Eidsfeldt, fagansvarleg for den bokhistoriske utstillinga «Lause typar og stramme bind» ved Nasjonalbiblioteket – her framfor ei gamal, norsk trykkpresse på utlån frå Norsk Folkemuseum som står i utstillinga. Foto: Nasjonalbiblioteket.

Segnene var ofte knytta til ein bestemt geografisk stad, til dømes ein steinformasjon eller ein foss som hadde ei historie knytta til seg.

Det var ein som tidlegare hadde prøvd seg på noko liknande som Asbjørnsen og Moe; presten og historikaren Andreas Faye. Han hadde samla inn norske segner, og mange av dei var skumle og ikkje spesielt barnevenlege. Fayes utgivingar slo ikkje så godt an hos det danna borgarskapet – segnene var for grove og upassande, meinte dei, og dei egna seg difor ikkje for utgiving. 

Asbjørnsen var òg oppteken av segner, og samla fleire av dei til utgivinga av «Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn». 

 

Andreutgåva av «Norske Huldre-Eventyr og Folkesagn», det såkalla «Budeiebindet». Foto: Nasjonalbiblioteket.
 
Les omtala av «Norske huldreeventyr og folkesagn» i Morgenbladet fra 1845

– Heller ikkje desse var spesielt egna for barn, men i motsetning til Faye laga han ei rammeforteljing rundt segnene slik at dei ikkje var direkte formidla som eventyr, men som munnlege segner. 

  • Segn frå arkivet: Asbjørnsen møter ein gamal sagbruksmann langs Akerselva som fortel sagnet om Kvernknurren

Ei slik rammeforteljing kunne til dømes vere at Asbjørnsen byrja med å fortelje om sine eigne vandringar i skogen. I skogen treff han ulike menneske som fortel segner. Ei segn kunne til dømes verte fortald gjennom ei gammal kone som sit på trammen og gjer handarbeid. Slik vart segnene pakka inn i ei forteljing, og straks blei dei meir tolelege for det danna, borgerlige publikum. 

Folkeeventyra blei barnelitteratur

– Folkeeventyra til Asbjørnsen og Moe blei populære også hos barna, og har gradvis blitt ein sentral del av barnelitteraturen. Men i utgangspunktet var det nok ikkje nødvendigvis barna som var målgruppa, seier Eidsfeldt. 

«Sjøtrollet», ein illustrasjon av Theodor Kittelsen frå 1887. Dette er ei seinare utgåve av den aller første illustrasjonen som Kittelsen gjorde for Asbjørnsen i 1881 til eventyret «Fiskesønene» i «Tre nye eventyr» i «Dybwads illustrerede folkekalender for 1882». Foto frå Wikimedia Commons.

Dette får ho støtte i frå, frå forskingsbibliotekar Anne Kristin Lande som er ekspert på barnelitteratur. Ho fortel at sjølv om Asbjørnsen og Moe nok forstod at nokre av eventyra dei samla inn var godt egna for barn, var det ikkje før i 1883 at den fyrste barneutgåva av eventyra vart trykt. I dei første samlingane for barn var det mest Askeladden-eventyr og dyreeventyr – dei mest ufarlege eventyra.

– Då Asbjørnsen og Moe samla inn Norske Folkeeventyr fantes det ikkje barnelitteratur på same måte som i dag. Det fantes utgivingar som var berekna for barn, men i dei fleste heimane var det nok mest vanlig at ein i husstanden las høgt for dei andre, både for barn og vaksne. Slik fekk barna lest høgt eventyra heime, men dei hadde ikkje sine eigne utgåver av eventyra.

Soria Moria Slott, av Theodor Kittelsen, 1900. Kittelsen var ein av fleire kjende kunstnarar som illustrerte Asbjørnsen og Moes eventyr. Dette maleriet var faktisk ikkje originalt ein del av samarbeidet mellom Kittelsen og Asbjørnsen, men blei laga som ein del av ein serie bilete som Kittelsen utga i 1900. Tittelen på serien, «Soria Moria», var tittelen på eitt av eventyra nedtegna av Asbjørnsen i 1843, og bileta viser scener frå dette eventyret. Her ser vi Espen Askeladd speide mot Soria Moria slott. Foto: Frå Nasjonalbibliotekets arkiv.
 
Djupdykk i samlinga: Norske Huldreeventyr og Folkesagn frå 1848

Dei som hugser folkeeventyra frå barndommen har nok eit heilt klart bilete i hovudet om korleis eit troll skal sjå ut: Dei er digre, skjeggete og med tre på nasen eller på toppen av hovudet.

Mannen som har planta dette biletet i hovudet vårt vart introdusert til Asbjørnsen og Moe av kunstnaren Erik Werenskiold, som allereie hadde illustrert for Asbjørnsen tidlegare. Den nye samarbeidspartneren heitte Theodor Kittelsen, og er i likhet med Werenskjold ein av dei mest kjende norske kunstnarane gjennom tidene.

«Trollet som grunner på hvor gammelt det er» frå 1911, av Theodor Kittelsen. Foto frå Wikimedia Commons.

Det skulle vise seg å vere eit blinkskot å få Kittelsen med på laget.

– Teiknarar og illustratørar i dag er nok ganske oppgitte, for norske troll er liksom teikna ein gong for alle av Kittelsen. Hvis ein prøver seg på noko nytt, blir det liksom feil, for «det er jo ikkje slik eit troll ser ut». Det har vore forsøk på å gjere det på nytt, nokre utgåver har blitt riktig fine, men det er ikkje ein enkel jobb, seier Lande.

Eventyr for vaksne: Dei erotiske eventyra

Eventyra som vart samla inn av dei to barndomsvenene fekk altså etter kvart ulikt publikum, og vart gjeve ut i samlingar for både barn og vaksne. Men det er nok ikkje mange som veit at nokre av eventyra som Asbjørnsen og Moe samla inn var enda mindre barnevenlege enn segnene – nemleg dei erotiske eventyra.

– Dette var såpass saftig at dei ikkje var moglege å gje ut på Asbjørnsen og Moe si tid, seier Lande.

Sjølv om desse erotiske eventyra ikkje vart gjeve ut, var det nok fleire gjester i Asbjørnsens heim i Rosenborggaden 2 i Christiania som hadde høyrd eitt eller to, deklamert av Asbjørnsen sjølv i selskapeleg samanheng.

Egner illustrerte nokre av desse som vart kalla «Lystige historier» med nokså dristige teikningar i 1943. Til illustrasjonane har han lagt til eit lite utdrag fra kvart av eventyra, slik som til dømes dette til ei teikning av ei naken mannerumpe framfor ei ung pike i ei seng:

«Det var engang en prest som som var saa nidsk at han ikke vilde holde egen seng til gaardsgutten, han maatte ligge i seng sammen med datteren…»

Folkeeventyra – komen for å bli?

I nyare tid har Asbjørnsen og Moes folkeeventyr vore gjenfortald i ei heil mengd ulike versjonar i populærkulturen: Dei har vore filmatisert, dei har vore dramatisert, dei har blitt til teikneseriar, mellom anna. Lande er difor ikkje så bekymra for at folkeeventyra skal forsvinne frå kulturen, sjølv om barn har mykje meir litteratur å velje mellom i dag enn dei hadde for 150 år sidan.

«Norske Folke- og Huldre-Eventyr i Udvalg» ved P. Chr. Asbjørnsen kom i mange ulike fargar. Dette bindet vart kalla «Nissebindet». Foto teke frå Nasjonalbibliotekets samling.

– Kva trur du, er folkeeventyra komen for å bli, eller kan dei vere på veg ut av vår kollektive erindring?

– Dei er nok absolutt komen for å bli, seier Lande, og utdjupar:

– Det kjem nye utgåver av folkeeventyra heile tida. Du har samla utgåver for barn, du har utgåver som brukast som konfirmasjonsgåver, og så vidare. Det har også samanheng med at desse folkeeventyra har vore ein del av litteraturen så lenge at dei har falt i det fri. Då blir det enklare å gje dei ut igjen og igjen, i språkleg oppdaterte utgåver.

Kjelder: Intervju med Anne Eidsfeldt og Anne Kristin Lande, «Asbjørnsen og Moes eventyr og sagn: En bibliografi» av Henning Østberg.