Bergen i mellomalderen

PODKAST: Det var Norges største by, som i følgje Snorre Sturlasson var grunnlagt av Olav Kyrre i år 1070. Men korleis såg Bergen ut i mellomalderen?

Bergen var Norges største by i mellomalderen. I følgje Snorre Sturlasson var byen grunnlagt av Olav Kyrre i 1070. Området hadde då vore eit maktsenter lenge, med kongsgarden på Årstad bak byen, som eit klart teikna på dette. Bergen ligg mellom Sognefjorden i nord og Hardangerfjorden i sør. Desse fjordane går djupt inn i landet, og kan reknast som vegar til å transportera naturressursar ut frå heile det sentrale Vestlandet for utskiping til kontinentet.

Dette er mykje av bakgrunnen for at Bergen var ei mellomstor europeisk handelsby i høgmellomalderen. Men viktig for byveksten var òg at Bergen på 1200-talet var den viktigaste residensbyen for norske kongar, samstundes som erkebiskopen òg hadde eit palass her.

Kanskje du også vil være interessert i disse historiene fra samlingen?