Slik vart Jotunheimen oppdaga

Sommaren 1820 stod studenten Baltazar Mathias Keilhau på toppen av eit fjell og teikna opp eit «uoppdaga» område av Noreg – det vi i dag kjenner som Jotunheimen. No, 200 år seinare, skal pionérturen gjentakast for å fotografere panoramautsikta, nøyaktig 200 år seinare. 

Snøeggeknosi, 1739 meter over havet: Det var den 14. juli 1820, og studenten Baltazar Mathias Keilhau hadde kome seg opp på ein mindre fjelltopp i eit vakkert og skremmande ukjend fjellandskap.

Frå toppen hadde han utsikt over området som fram til då hadde vore ein «kvit flekk» på kartet – landskapet han seinare døypte Jotunfjeldene.

Gjennom «fjernrøret» – kikkerten – kunne han sjå to skikkelsar på veg opp den brattaste og høgaste fjelltoppen i området: Falketind.

Dei to var reisekameratane hans, studenten Peter Christian Bianco Boeck og reinjegeren Ola Urden.

Keilhau hadde vore heilt sikker på at toppen ikkje let seg bestige.

Difor hadde han heller klatra opp på ein annan, mindre topp, så han kunne få oversyn over området og teikne det så nøyaktig som mogleg.

LES OGSÅ: Fem tips for å komme i historisk god form til fjellturen

Urden, reinjegeren, hadde vore like skeptisk til klatreprosjektet – men han var med for å syte for at dei kom seg heilskinna heim frå turen, så han blei motvillig med då Boeck fekk ein glødande trong til å klatre opp det høge fjellet, Koldedalstind, som Vinje seinare døypte Falketind.

Ukjend – for kven?

Sannsynlegvis tykte Urden at heile prosjektet var nokså fjollete.

For det fyrste tykte han nok sjølve klatreturen var vanvit. Fjellklatring var ikkje nokon vanleg aktivitet på den tida, og viss ein utfordra naturen, snakka ein i alle fall ikkje om det.

For det andre var ikkje desse fjellområda uoppdaga for Urden. Han hadde jo vore der før.

Men for det lesande publikum i hovudstaden Christiania var dette ein sensasjonell tur – både at dei hadde kome opp og ned Falketind, og at dei hadde utforska eit av områda i Noreg som framleis ikkje var skikkeleg kartlagd.

Turen blei definert som oppdaginga av Jotunheimen, eit namn som seinare blei lansert i ein fotnote i ein artikkel om turen i Magazin for Naturvidenskaperne.

– Ein seier at Jotunheimen var like ukjend som det indre av Afrika, og det var nok eit oppdagingsaspekt ved turen som gjekk hand i hand med det vitskapelege. Men på same måte som det indre av Afrika, var ikkje Jotunheimen eigentleg ukjend og uoppdaga, ikkje for dei som budde eller ferdast der.

Det seier Arthur Tennøe, leiar for Nasjonalbibliotekets seksjon for bilete, trykk og konservering.

Saman med kollega Harald Østgaard Lund skal han gjenta pionérturen til Boeck, Keilhau og Urden – nøyaktig 200 år etter.

– Vi bryr oss ikkje om Falketind. Vi skal opp på den toppen Keilhau sto på da han såg dei to andre klatre opp, seier Østgaard Lund.

Bakgrunnen for turen er at dei vil prove at teikninga til Keilhau frå toppen av Snøeggeknosi kan sjåast på som ein del av den norske fotohistoria.

Den fyrste som lukkast med å fange lyset i eit fotografi gjennom eit apparat og bevare biletet var Joseph Niepce. Det skjedde i 1826, altså fleire år etter denne turen.

På same tid, i Christiania, fekk boktrykkaren Hans Thøger Winther ideen til korleis ein kunne lage eit fotografisk avtrykk

– Keilhau har teikna med blyant og akvarellfargar – ikkje noko dei fleste forbind med eit fotografi. Korleis kan ein seie at dette er ein del av norsk fotohistorie?

– Når ein seier «fotografi», så tenkjer dei fleste på lys som treffer ein lysømfintleg flate, og fikserast. I 1820 kjende ein til konseptet, men ein hadde ikkje klart å bevare biletet i tilstanden det danna seg på flata. For å forhindre at biletet forsvann, kunne ein teikne det opp, seier Tennøe.

Fjellandskap. Mann i snø.
Arthur Tennøe på rekognoseringstur i september 2019. Turen gikk ikke helt som planlagt – hvorfor kan du få vite mer om i videoen nederst i saken. Foto: Harald Østgaard Lund.

Keilhau hadde, ut frå sin vitskapelege innfallsvinkel, behov for nøyaktig teikna prospekt.

Fotografiet sitt utgangspunkt, som er å gje eit nøyaktig bilete av kva ein såg frå ein bestemt ståstad til eit bestemt tidspunkt, var soleis allereie på plass.

– Fotografi er mykje meir enn ein kjemisk prosess. I dette høvet var det ikkje den kjemiske prosessen, men handa, som fanga biletet – men konseptet var det same, nøyaktigheita var idealet, seier Østgaard Lund, og legg til:

– Fotografiet i dag, som ikkje lenger er kjemisk, men digitalt, brukast til alt mogleg anna enn dette. Difor kan ein ikkje seie at fotohistoria berre er historia om å syne eit nøyaktig bilete gjennom ein kjemisk prosess.

At Keilhaus akvarellteikning kan sjåast på som eit slags pre-fotografi, og slik ein del av norsk fotohistorie, er det Østgaard Lund og Tennøe skal prove den 14. juli.

Refotograferinga, som skal skje på akkurat same tidspunkt og frå akkurat same ståstad som for 200 år sidan, vil prove kor nøyaktig Keilhaus teikning er.

Dei nye bileta vil også kunne brukast til noko av det same som Keilhaus teikning – nemleg å syne eit nøyaktig bilete frå eit bestemt ståsted, som kan lagrast og brukast som dokumentasjon i framtida.

  • Tennøe og Østgaard Lund har hatt fleire prøveturar, mellom anna ein tidlegare i juni, då dei tok desse bileta:

Lyst å finne andre spennende bilder fra Jotunheimen

Klimaendringar gjennom foto

Eit viktig aspekt ved prosjektet til Tennøe og Østgard Lund, er også å syne kor viktig fotografiet er og har vore for å dokumentere klimaendringane.

– Mykje har skjedd på 200 år. Det eine som har skjedd, er at snøen og isen som tittelen på biletet beskriver, har krympa og smelta. I dalen har det kome tre der det tidlegare var isbre, seier Østgaard Lund, og legg til:

– Det andre som har skjedd, er at vi veit alt dette – på grunn av dei same naturvitskapane og den same presisjonen som denne ekspedisjonen var med på å byrje.

Tennøe samanliknar det med då dei første bileta av jordkloden vart tekne frå verdsrommet.

– På same måte fekk ein eit nytt perspektiv, og ei moglegheit til å sjå og registrere i ein større samanheng, seier han.

– Kva trur dykk – vil nokon gjere det same som dykk om nye 200 år, og få nye bilete og perspektiv?

 Det hadde vore hyggeleg, men sjansane er diverre små for at livsvilkåra på jordkloden vil tillate det. Vi får berre håpe gode kreftar bidreg til at det framleis blir leveleg for menneske, seier Østgaard Lund.

  • Fyrste prøvetur, i september 2019, gjekk ikkje heilt som planlagd. Sjå video:

Kjelder: intervju med Arthur Tennøe og Harald Østgaard Lund frå Seksjon for bilete, trykk og konservering, Pionerer i Jotunheimen: ferder forbi Eidsbugarden på 1800-tallet, av Birger Løvland, bilete frå Nasjonalbibliotekets samlinger. 

Kanskje du også vil like nokre av desse historiene frå samlinga: