Norske balladar

Mellomalderballadar i Nasjonalbiblioteket

Balladeforteljingane har mora og rørt menneska gjennom mange hundre år, og dei særprega og vakre melodiane har løfta fram tekstene. Dei teiknar opp dramatiske historier i usentimentale og målande bilete, og fortel like gjerne om sjalusi, drap, sjølvmord og valdtekt som om forelsking, lykkeleg kjærleik og lystig sex. Balladane er blitt sungne både ved hoff og i husmannsstover frå seinmellomalderen og fram til i dag, og nokre av dei same historiene er blitt formidla i store delar av Europa og Amerika. Det er ei grensesprengjande viseform både i tid og rom.

 
Balladeprosjektet
 
Tekster
 
Melodiar
 
Kjelder