Skeiv kulturhistorie i stor utstilling på Nasjonalbiblioteket

Stoltheit og fordom er den største utstillinga nokosinne om skeiv norsk kulturhistorie. Utstillinga opnar 3. februar på Solli plass i Oslo, som ein del av Nasjonalbiblioteket si omfattande markering av Skeivt kulturår 2022.

  • 25.01.2022

– At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut vår eigen kjønnsidentitet, er resultat av kampar som er førte på ulike arenaer til ulike tider. Desse forteljingane ønskjer vi å løfte fram, slik at nye generasjonar kan bli kjende med ulike og viktige sider av norsk skeiv historie, seier direktør for kulturformidling og informasjon ved Nasjonalbiblioteket, Eline Skaar Kleven.

Utstillinga Stoltheit og fordom. Skeive forteljingar frå samlinga gir innblikk i skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg gjennom materiale frå Nasjonalbiblioteket og Arkivverket.

– Dette er ikkje ei lineær, komplett eller kronologisk historie. Utstillinga viser eit mylder av skeive forteljingar frå ulike tider og ulike delar av samlingane, fortel utstillingsansvarleg Marte-Kine Sandengen.

Nasjonalbiblioteket har gjennom det siste året gjort eit omfattande arbeid med å kartleggje materiale knytt til skeiv kulturhistorie i samlinga. Til å kuratere utstillinga har Nasjonalbiblioteket henta inn forfattar og kurator Bjørn Hatterud.

– Arbeidet har vore spennande. Gjenstandane vi viser, har stort sett ikkje vore katalogiserte under skeive merkelappar før. Det har dukka opp overraskande materiale på dei mest uventa plassar i samlinga, seier Bjørn Hatterud.

Omfattande formidlingssatsing
No startar Nasjonalbiblioteket eit stort formidlingsprogram, med utstilling, arrangement, podkast, videoreportasjar og featureartiklar. Her skal alt frå kjende milepælar i den norske homokampen til personlege forteljingar funne i dagbøker og brev løftast fram. Det tidlegaste materialet er henta frå Gulatingslova, mens det nyaste er frå vår eiga tid.

Med meir enn 400 bøker, blad, avisklipp, brev, manuskript, dagbøker, skisser, bilete, filmar, melodiar og video-/lydopptak er Stoltheit og fordom den mest omfangsrike utstillinga som har vore sett opp på Nasjonalbiblioteket. Materialet gir ulike inngangar til å forstå korleis det norske samfunnet har forhalde seg til skeiv kjærleik, og korleis denne haldninga har endra og utvikla seg.

Samarbeid med Nasjonalmuseet og Skeivt arkiv
Nasjonalbiblioteket har, saman med Nasjonalmuseet og Skeivt arkiv, teke initiativ til ei brei markering på kulturfeltet i samband med at det er 50 år sidan paragraf 213 blei oppheva 21. april 1972. På sjølve avkriminaliseringsdagen planlegg dei tre institusjonane ei felles festmarkering på Nasjonalbiblioteket.

Stoltheit og fordom. Skeive forteljingar frå samlinga
(3. februar–23. april 2022)
Nasjonalbiblioteket, Solli plass i Oslo
Kurator: Bjørn Hatterud
Utstillingsansvarleg: Marte-Kine Sandengen
Utstillingsdesignar: Snøhetta

Skeivt kulturår 2022
I år er det 50 år sidan straffelova § 213, som forbaud menn å ha sex med menn, blei oppheva. Ut frå eit ønske om å løfte fram den skeive kulturhistoria i Noreg arrangerer vi Skeivt kulturår 2022.

Les meir om utstillinga og arrangementa her: https://www.nb.no/utstilling/stoltheit-og-fordom-skeive-forteljingar-fra-samlinga/