Pressemelding

Nasjonalbiblioteket får 87 millionar kroner meir årleg til digitalisering

Regjeringa vil styrke Nasjonalbiblioteket med 87 millionar kroner årleg for å auke satsinga på digitalisering og opprette 70 nye stillingar i Mo i Rana. Dette kjem fram i regjeringa sitt forslag til kulturbudsjett for 2020, som kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande la fram på Nasjonalbiblioteket i Oslo i dag.

– Dette er den største nasjonale satsinga på digitalisering av kulturarv som er kjent i verda. Vi gler oss stort til å sette i gang, seier nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre.

Med i overkant av 87 millionar kroner meir til digitalisering i Mo i Rana kvart år, kan Nasjonalbiblioteket sette seg som mål ikkje berre å digitalisere si eiga samling raskare, men å gjere heile den norske kulturarven digitalt tilgjengeleg.

– Dette er eit stort arbeid som det vil ta ein generasjon å utføre, men det er den mest framtidsretta investeringa eg kan tenke meg, seier Aslak Sira Myhre.

– Tilgang til kulturarven er ein demokratisk rett. Alle skal difor ha enkel tilgang til den felles kulturarven, og mest mogleg kulturarvmateriale må bevarast og gjerast tilgjengeleg for framtida. Regjeringa si omfattande satsing på digitalisering ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana bidreg til dette. Med 70 nye arbeidsplassar vil det bli mogleg å digitalisere enda meir av kulturarvmaterialet vårt i eit raskare tempo, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande i Kulturdepartementet si pressemelding om statsbudsjettet.