Nasjonalbiblioteket etablerer Fosse-arkiv

Jon Fosse ser på arkivmateriale sammen med Hege Stensrud Høsøien under sitt besøk i Nasjonalbiblioteket i desember 2021. Stills fra video: Gorm K. Gaare

Forfattar og dramatikar Jon Fosse har gitt privatarkivet sitt til Nasjonalbiblioteket. Arkivet kompletterer det som allereie er verdas største samling av materiale av og om Jon Fosse.

  • 20.01.2022

– Jon Fosses forfattarskap er blant Noregs aller største og viktigaste, målt i utgivingar, oppsettingar og utbreiing. Vi er svært glade og takksame for at Fosse gir denne gåva til Nasjonalbiblioteket, seier direktør for fag og forsking Hege Stensrud Høsøien

I løpet av 2021 fekk Nasjonalbiblioteket i alt 28 boksar med privatarkivmateriale frå Jon Fosse. Materialet blei tidlegare oppbevart ved Nynorsk kultursentrum, som lenge arbeidde for å etablere eit permanent Fosse-arkiv.

– Eg er takksam for at det vart teke initiativ til eit Fosse-arkiv, for alt det gode arbeidet Nynorsk kultursentrum gjorde, og eg er takksam for at Nasjonalbiblioteket ville ta over materialet, og arbeida vidare med dette Fosse-arkivet, seier Jon Fosse.

I desember besøkte Fosse Nasjonalbiblioteket for å sjå på arkivmaterialet saman med Hege Stensrud Høsøien.

Arkivet omfattar alt frå brev, notat og manuskript til klipparkiv, fotografi, kassettar, CD-ar og videoar. I tid strekker det seg frå då Fosse fekk sitt første innlegg på trykk i Norsk Barneblad i 1973, heilt fram til i dag.

Nasjonalbiblioteket har mange planar for arkivet.

– Vi kjem mellom anna til å bruke arkivet til eiga forsking på Fosses litteratur og dramatikk. Vi planlegg faglege arrangement knytt til Fosse-festivalen og vi er godt i gang med Fosse-bibliografien, fortel Høsøien.

Interessa for og vurderinga av Jon Fosses forfattarskap er svært høg, både i Noreg og internasjonalt. Stykka hans er blant dei som blir aller mest nytta på teaterscener rundt omkring i verda.

– Det har vore mange produksjonar av teaterstykke (og er det framleis), og dersom det er interesse for å dokumentera det som har skjedd, og som skjer, så har eg sjølvsagt ingenting imot det. Det har òg vorte skrive ein god del avhandlingar og liknande om diktinga mi i fleire land, og dersom eit slags arkiv kan bli tilgjengeleg for dei som vil arbeida med forfattarskapen, i Noreg og i utlandet, så må vel det vera av det gode, seier Fosse.

Nasjonalbiblioteket vil i åra framover samle inn enno meir arkivmateriale etter Jon Fosse, både i inn- og utland, for å bevare det og gjere det tilgjengeleg for forsking og formidling. Innsamlinga skjer i samarbeid med mellom anna Samlaget, Det Norske Teatret, Nynorsk kultursentrum og Winje Agency.

– Fosses nettverk av litterære agentar, forlag og teater er inne i eit generasjonsskifte. Difor hastar det med å få samla inn dette materialet før det går tapt, seier Høsøien.