Pressemelding

Gåve til Nasjonalbiblioteket viste seg å vere Noregs eldste opptak av folkemusikk

Samlaren Tom Valle donerte i fjor ti voksrullar med folkemusikk til Nasjonalbiblioteket. Nærare undersøkingar viser at musikkopptaka er gjort allereie i 1903–1904. Dette er dei eldste opptaka som er funne av folkemusikk i Noreg.

  • 20.04.2020

 – Dette er oppsiktsvekkande, seier seksjonsleiar for musikk ved Nasjonalbiblioteket Richard Gjems. – Opptaka vi fram til no har rekna for å vere dei eldste, er frå 1910, og desse opptaka av hardingfeleslåttar er altså seks eller sju år eldre. Det er ei gåve med stor historisk betyding Valle har gitt oss, og som vi no skal bevare for ettertida, seier Gjems.

Opptaka har vore i Valle sitt eige heilt sidan tidleg på 1970-tallet, då han kjøpte desse og ei rekkje andre voksrullar hos ein skraphandlar i Oslo.

– Fonografrullane var i ein pappkartong som låg i ein haug med ting som sannsynlegvis skulle køyrast på fyllinga. I kartongen låg rullane og avspelarhovuda pent i dei originale øskjene frå Pathé. Dei skal ha kome frå eit bu på Nordstrand, fortel Tom Valle.

Etter at Valle overlét voksrullane til Nasjonalbiblioteket, vart dei sende til Mo i Rana. Der blei opptaka digitaliserte og øskjene nøye fotograferte før alt blei forsvarleg lagra inne i fjellet. Så starta arbeidet med å undersøkje historia til rullane.

– Namna til spelemennene var skrive utanpå øskjene, og på ei av dei var det skrive ein dato, så vi hadde noko å gå ut ifrå, seier førsteamanuensis ved Nasjonalbiblioteket Hans-Hinrich Thedens. – Men det var ikkje før vi fekk kartlagt kor dei ulike aktørane hadde vore, og kva dei hadde halde på med til ulike tider, at vi fann ut at dette faktisk dreidde seg om dei aller eldste opptaka av folkemusikk i Noreg, fortel han.

Saman med Thedens, har Tom Valle og fleire andre kjelder bidrege aktivt i undersøkingane. Sentrale i historia er to kappleikar som gjekk føre seg i Kristiania i 1903 og 1904. Fleire av spelemennene frå opptaka skal ha delteke her. Ein av dei, Anders G. Stubberud, kom ikkje til Kristiania før i 1903 og dukka opp med nemninga «skuleelev» på premielista for kappleiken i 1904. Vidare har ein funne ut at ein av dei andre, Torstein Odden, emigrerte til Amerika i 1904. Slik fekk ein stadfesta at opptaka blei gjort i løpet av desse to åra.

I tillegg til spelemennene, er det ein annan nøkkelperson her: han som gjorde opptaka.

– Vi har fleire kjelder som er sikre på at det er fotografen Narve Skarpmoen som har gjort opptaka, seier Hans-Hinrich Thedens. – På opptaka høyrer vi ein stemme som snakkar og kjem med oppmuntrande tilrop til musikarane. Ein av kjeldane kjenner att detaljar i språket hans, og har bekrefta at dette er Skarpmoen.

Fotografen Narve Skarpmoen (1868–1930) var aktiv i folkemusikkmiljøet i Kristiania rundt år 1900. I dette miljøet møttest mange av spelemennene og dansarane i byen. Skarpmoen spelte sjølv hardingfele, og han var primus motor for kappleikane i Kristiania i 1903 og 1904. Det er sannsynleg at han har gjort opptaka i samband med desse. Skarpmoen skal ha vore opptatt av moderne teknologi, og derfor er det rimeleg å tru at han ville bruke fonografen for å gjere opptak av spelemennene, anten det var for å bevare musikken for ettertida, eller for å lære seg slåttane.

Skarpmoen var frå Numedal, same område som fleire av spelemennene på opptaka var frå, og han var ven med dei. I tillegg til Torstein Odden (1869–1959), Halvor O. Kravik (1859-1925)  og Steinar Gladheim (1883–1919) er det Anders G. Stubberud (1885–1960) frå Sigdal sine hardingfeleslåttar som no blir bevarte for ettertida.

Narve Skarpmoen var ein pioner innan pressefoto og tok det aller første norske pressebiletet, publisert i Aftenposten 16. september 1903. Nasjonalbiblioteket har ei stor samling av bilete han har fotografert.

Her kan du høyre nokre av dei originale opptaka:

  • «Fanden på bordstabelen», med Thorstein Odden:
  • Slåtten «Vegglijenta», spelt inn av Skarpmoen med Thorstein Odden på hardingfele:
  • Skarpmoen kjem med tilrop medan Halvor Kravik speler «Halling»: