Fleire kart i Nasjonalbibliotekets kartsenter

Silkekartet «Regnorum Sueciae, Daniae et Norvegiae Descriptio», teikna av svenske Andreas Bureus og gitt ut i Amsterdam i 1720. Foto: Gorm K. Gaare

157 kart over Norden frå 1600- og 1700-talet, er kjøpt inn av Sparebankstiftelsen DNB for å bli ein del av Nasjonalbibliotekets samling. Det mest oppsiktsvekkande kartet, eit stort handkolorert veggkart trykt på silke, kan du no sjå i utstillinga Frå det fjerne, i Nasjonalbibliotekets kartsenter.

  • 23.06.2021

– Desse karta har stor kulturell verdi fordi dei syner heile utviklinga til framstillinga av Noreg på dei tidleg trykte nordenkarta. For forskarar er materialet ei kjelde til svært viktig kunnskap, fortel karthistorikar ved Nasjonalbiblioteket Benedicte Gamborg Briså.

Kartsamlinga som har kome til Nasjonalbiblioteket, er kjend under namnet Germundsonsamlinga, etter svensken som bygde ho opp. I Nasjonalbiblioteket kompletterer ho ei kartsamling som allereie er vurdert som verdas største og mest spektakulære samling av trykte kart over Noreg, Norden og nordområda.

Fire sjeldne veggkart
Det imponerande silkekartet du no kan sjå i kartsenteret, Regnorum Sueciae, Daniae et Norvegiae Descriptio, er teikna av svenske Andreas Bureus og gitt ut i Amsterdam i 1720.

– Veggkart var dyre på denne tida, og det gav status å ha råd til å pryde veggen med eit slikt kart. I tillegg fungerte dei ofte som samtaleobjekt, slik at ein kunne vise fram geografikunnskapane sine, fortel Benedicte Gamborg Briså. – Sidan dei hang framme på veggen og etter kvart blei utslitne, blei veggkarta ofte kasta når dei var utdaterte. Derfor er ikkje så mange av dei bevarte. Med Germundsonsamlinga har vi no fått fire, alle teikna av Bureus, seier Briså.

Andreas Bureus (1571–1646), som eigentleg heitte Anders Bure, blir rekna som grunnleggar av den svenske kartografien. Kart som var baserte på Bureus sine kartteikningar, blei gitt ut i lang tid etter han døydde.

Kartsamlaren Germundson
Nils G. Germundson var frå Stockholm og fekk tidleg ei internasjonal rolle i det svenske storkonsernet han jobba i. Germundson hadde stor interesse for og etter kvart heilt unike kunnskapar om Nordens krigshistorie. I slutten av 1950-åra begynte han å samle systematisk på antikke kart som dekka heile Skandinavia, og særleg var han opptatt av 1600- og 1700-talet. Germundson var ein svært seriøs samlar, og han gjorde grundige notat og samanlikna eksemplar for eventuelle skilnader. Han var ein kjend person i det internasjonale kartmiljøet. Nils G. Germundson døydde i Zürich i februar 2020.

Nasjonalbibliotekets kartsenter
I samlinga til Nasjonalbiblioteket finst rundt 150 000 kart. Kartsenteret lar publikum oppleve desse karta gjennom utstillingar, arrangement og publikasjonar. I tillegg til å rette seg mot eit allment publikum skal senteret vere ein aktiv historieformidlar for skolen og eit samlingspunkt for eit internasjonalt forskingsmiljø.