7
mar

Straffelov, kjønn og seksualitet. Føredrag ved Ragnhild Hennum

Onsdag 7. mars 2018, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket

Då straffelova av 1902 blei skrive hadde ikkje kvinner stemmerett i Noreg. Lova blei skrive av og kanskje også for menn, noko som prega kva som blei rekna for lovbrot og storleiken på straffa. Korleis har lova endra seg i takt – eller i utakt – med samfunnet? Og på kva vis har den norske kvinnekampen medverka til å endre synet på vald knytt til kjønn og legning, og seksualisert vald?

I lys av samfunnsutviklinga frå 70-talet til i dag ser jussprofessor Ragnhild Hennum i dette føredraget nærare på straffelova med eit feministisk og historisk blikk.

ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP» 1.—24. MARS:
1970-talet var eit tonegjevande tiår for den norske kvinnekampen. Eit stor sosialt medvit og eit sterkt engasjement vaks fram, med politiske aksjonar, organisasjonar og rørsler som fremma varige endringar i det norske samfunnet.

Med dette tiåret som utgangspunkt gjev Nasjonalbiblioteket i mars eit lite blikk inn i delar av den norske kvinnekampen. Plakatar og litteratur frå Nasjonalbibliotekets samling viser spor av aktivismen og protestane som prega tida, og vi inviterer til ei rekkje arrangement som tematiserer kvinnekampen på 70-talet og korleis denne forgreinar seg inn i samtida. Vi lanserer samtidig boka Kvinnekamp. Foreningen Skuld: Norges første bøllekurs, som teiknar opp historia til den aller fyrste norske kvinnesaksgruppa.

PROGRAM
1.3. kl. 19 | Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet Gerd Brantenberg, Liv Køltzow, Tove Nilsen, Kari Bøge og Kaja Schjerven Mollerin. Minikonsert med musikk av Amtmandens døtre
2.3. kl. 19 | Skuld: Norges første bøllekurs. Foredrag ved Marta Breen
6.3. kl. 19 | Abortkampen. Nylander, Skard, Moræus Hanssen & Kaluza
7.3. kl. 19 | Straffelov, kjønn og seksualitet. Føredrag ved Ragnhild Hennum
8.3. kl. 20 | Kvinnerolla i norsk film. Breien, Løkkeberg, Mikkelsen & Bhar
13.3. kl. 19 | Det personlege og det politiske. Helseth, Mehsen, Gunnes & Bru
15.3. kl. 19 I Kvinnekampens talerøyr. Brekken, Larsen, Wilhjelm & Fossum