4
nov

Ei historisk forklaring. Føredrag ved Knut Kjeldstadli

Lørdag 4. november 2017, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

Historikarar søkjer ikkje berre å skildre historia, men òg å forstå korleis og kvifor noko skjedde. Nokre forklaringar er særeigne for historiefaget: vekta på det eineståande, på datering, på konteksten og på forteljingar som bind hendingane saman. Men kan vi verkeleg forklare fortida? Og påverkar historikaren sitt val av forklaringsmodell vår forståing av ho?

Historieprofessor og forfattar Knut Kjeldstadli har skrive ei rekkje bøker om historiefaget og om nyare norsk samfunnshistorie. No fortel han om kva som kjenneteiknar ei historisk orientert forklaring.

Arrangementet er ein del av serien «Historisk».

28.10 | Kjelder. Føredrag ved Mona Ringvej
4.11 | Ei historisk forklaring. Føredrag ved Knut Kjeldstadli
25.11 | Tida i historia. Føredrag ved Helge Jordheim
2.12 | Kva skal vi med historie? Føredrag ved Erling Sandmo

HISTORISK
Om vi skal forstå vår eiga samtid, må vi òg kjenne historia til dei som levde før oss. Men korleis blir forteljingane om folk, nasjonar og verda eigentleg til? Korleis les ein gamle kjelder, når tida dei blei skrivne i var ei helt annan? Og kva funksjon har historia eigentleg i samfunnet rundt oss?

I haust inviterer Nasjonalbiblioteket til ei føredragsrekkje om historisk teori og metode for alle som vil vite meir om korleis historia blir til. Kva er det viktigaste ein historikar må ta omsyn til, når historia om oss blir skrive?