28
okt

Kjelder og kjeldekritikk. Føredrag ved Mona Ringvej

Lørdag 28. oktober 2017, at 14:00 – 15:00
Nasjonalbiblioteket

Historiske kjelder er grunnelementa i historiefaget. Det er dei skriftlege kjeldene som gjer det mogleg å danne seg eit bilete av ei historisk hending, person eller tid. Men kor truverdige er kjeldene? Er alle kjelder like nøytrale? Og korleis kan ein historikar vere sikker på at ho forstår kjeldene riktig, ut frå tida då dei vart skrivne?

Mona Ringvej er historikar, redaktør og forfattar med biografiar og bøker om mellom anna politisk historie bak seg. No fortel ho om kjelder og kjeldekritikk som metode i historieforskinga.

Arrangementet er ein del av serien «Historisk».

28.10 | Kjelder. Føredrag ved Mona Ringvej
4.11 | Ei historisk forklaring. Føredrag ved Knut Kjeldstadli
25.11 | Tida i historia. Føredrag ved Helge Jordheim
2.12 | Kva skal vi med historie? Føredrag ved Erling Sandmo

HISTORISK
Om vi skal forstå vår eiga samtid, må vi òg kjenne historia til dei som levde før oss. Men korleis blir forteljingane om folk, nasjonar og verda eigentleg til? Korleis les ein gamle kjelder, når tida dei blei skrivne i var ei helt annan? Og kva funksjon har historia eigentleg i samfunnet rundt oss?

I haust inviterer Nasjonalbiblioteket til ei føredragsrekkje om historisk teori og metode for alle som vil vite meir om korleis historia blir til. Kva er det viktigaste ein historikar må ta omsyn til, når historia om oss blir skrive?