Logg inn English
Arrangement
27.
aug

Spanskesykja

Edvard Munch: Selvportrett i spanskesyken, 1919. Foto: Nasjonalmuseet / Høstland, Børre. (CC-BY-NC)
Edvard Munch: Selvportrett i spanskesyken, 1919. Foto: Nasjonalmuseet / Høstland, Børre. (CC-BY-NC)
Torsdag 27. august 2020, kl. 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Med Svenn-Erik Mamelund, Ole Georg Moseng og Siv Frøydis Berg

 

Billettar: På grunn av smittevernreglane er det færre plassar til publikum, og vi ber alle om å hente gratisbillett på nb.no før arrangementa. Arrangementet blir strømma direkte på facebook og nb.no.

 

For litt over hundre år sida gikk verda inn i eit nytt tiår med spora etter katastrofen sterkt til stades: Spanskesykja mellom 1918 og 1920 har blitt løfta fram som ein av tidlegare tiders pandemier vi kan lære av, for å takle det som no står framfor oss. Men kva var spanskesykja, korleis ramma ho Noreg og verda? Kva var forventingane før ho slo ned? Fanst det tydlege klasseskilnader i kven som blei råka, og korleis så det norske helsevesenet ut på denne tida?

Epidemiekspert Svenn-Erik Mamelund og professor i historie, Ole Georg Moseng, møter idéhistorikar og forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket Siv Frøydis Berg til samtale.

 

2020 har vore eit dramatisk og djuptgripande år. Konsekvensane av covid-19-pandemien kjem vi til å ta med oss langt inn i det nye tiåret, slik 1920-åra også blei merkt av spanskesykja (1918–1920). I haustens serie «Tiår for tiår» begynner vi med nettopp spanskesykja og ser så nærare på dei neste tiåra fram til i dag gjennom arrangement og digitalt innhald med materiale frå Nasjonalbibliotekets rikhaldige samling. Kva har prega oss? Kva har vi lest, lytta til, lært av – og kva har vi gløymt?

 

Informasjon om smittevern:

Denne hausten har vi færre plassar til publikum, i samsvar med dei gjeldande retningslinene for smittevern.

 På grunn av mindre kapasitet og krava til smittesporing må ein hente gratisbillett på nb.no. Vi hentar inn informasjon om namn, e-post og telefonnummer, og vi slettar dataa ti dagar etter arrangementet. Dette er i tråd med FHIs retningsliner og EUs personvernforordning (GDPR). Informasjonen blir lagra i lukka arkiv og blir ikkje nytta til andre føremål enn ei eventuell smittesporing.

 Hugs å melde frå om du likevel ikkje kan nytte gratisbilletten, slik at andre kan ha glede av plassen din.

 Vi ber personar med luftvegssymptom eller andre symptom på covid-19, og personar som er i karantene eller isolasjon, om å følje arrangementet heimanfrå. Vi gler oss til å ta imot dykk. Vertskapet vårt visar publikum til plassane sine. Vi tilrår alle å komme i god tid før arrangementet startar.