Videoforedrag ved Live Vedeler Nilsen
Varar i ca. 27 minutt
Dette digitale undervisingsopplegget inneheld eit videoforedrag og eit oppgåvesett.
Sagalitteraturen har ein spesiell plass i norsk historie. Sagaene har underhalde oss i lange tider, og dei kan også gi eit innblikk i korleis menneska i Noreg og på Island levde og tenkte for fleire hundre år sidan. Men kva er eigentlig ein saga, og kor pålitelige er dei som kjelder til kunnskap om norrøn tid?
I dette foredraget gir historikar ved Nasjonalbiblioteket, Live Vedeler Nilsen, ei innføring i sagalitteratur. Nilsen forklarar oss skilnaden på ulike sagatypar, og fortel om korleis dei vart til og kva dei har betydd for norsk historie. Vi blir betre kjende med ei av favorittforteljingane hennar, den forunderlege Flòamanna saga, som Nilsen les frå og reflekterer rundt. Nilsen tek oss også med til Spesiallesesalen på Nasjonalbiblioteket der ho viser fram ulike utgåver av Heimskringla og forklarar kvifor nettopp denne boka har vore viktig for kunnskapen vår om norsk vikingtid og mellomalder. Men kan vi stole på at det som står i sagaene er sant? Nilsen gir eit innblikk i kva Snorre Sturlasson sjølv tenkte om kjeldekritikk i arbeidet med Heimskringla, og utforskar til slutt kva verdi sagalitteratur har som historisk kjelde i dag.
DETTE LÆRER ELEVANE
- lese norrøne tekster i omsetting og samanlikne dei med tekster frå nyare tid
- utforske fortida ved å stille spørsmål og innhente, tolke og bruke ulikt historisk materiale for å finne svar
Elevane lærer:
- kva ein saga er, og kva plass islendingesagaene og dei norske kongesagaene har i norsk historie
- kva trekk Flóamanna saga har som er typiske for sagastilen, og kva som skil den frå annan sagalitteratur
- korleis dei norske kongesagaene vart til
- korleis sagalitteraturen blir vurdert som kjelde til kunnskap om norrøn tid