Bakarst i skapet. Ei noregshistorie gjennom kjøkkenreiskapar med Knut Nærum
Kor mange har ikkje skaffa seg ein kjøkkenreiskap som der og då verka som ein god idé, men som seinare støva ned bakarst i skapet?
I dette foredraget fortel Knut Nærum ei noregshistorie gjennom avdanka, ubrukte og tidlegare elska kjøkkenreiskapar. Gjennom desse tinga sporar han større utviklingstrekk i samfunnet, om kven vi er, og korleis vi har brukt kjøkkenet gjennom tidene.