Verkstad med påmelding: Fermentering


Kva skal skje?
Dei vanlegaste grønsakene blir meir haldbare og får betre smak om dei får godgjere seg på glas saman med salt og mjølkesyrebakteriar. Kokkar frå Credo viser deg korleis du kan fylle spiskammerset med glas fulle av godsaker.
Ta med eige reingjort glas og rivjern.
Når og kvar?
Laurdag 19. september kl. 11–13
Nasjonalbiblioteket, kantina
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Verkstaden er gratis, men det er avgrensa med plassar, og du må ha billett. Hent billett her: Hent billett!
Kurset er for vaksne. Ta med eige reingjort glas og rivjern. Venteliste på staden.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!