Kjøkkenfest i kantina


Alt kan skje på ein kjøkkenfest. Det er der dei mest overraskande og morosame samtalane går føre seg, anten du sit til bords eller heng ved oppvaskbenken. Her møter du andre folk som er opptekne av matkultur og handverk.
Frå klokka 19.00 spelar gitarist Per Einar Watle og DJ Mariann Rosa.
Credo serverer snacks.
Når og kvar?
Fredag 18. september frå kl. 19
Nasjonalbiblioteket, Kantina
Inngang frå Observatoriegata
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Du treng ikkje billett til arrangementet.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod som er forankra i norsk matkultur på Nasjonalbiblioteket.
Handverksfestivalen
Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som løftar fram den materielle kulturarven vår og kunnskap som har gått frå hand til hand gjennom generasjonar. Festivalen i år er den femte i rekkja og vi byr på ei rekkje arrangement over to dagar, fredag 18. og laurdag 19.
september. Sjå heile programmet her!
Velkomen!