Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2026
Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2026
23.04: Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2026
Den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson er invitert til å halde Fosseforedraget, og den nederlandske omsetjaren Paula Stevens er vinnar av Fosseprisen for omsetjarar i 2026.
Sjølve arrangementet vil finna stad på Slottet 23. april, der publikum kan følgja foredraget og prisutdelinga på strøyming. I tillegg blir det eit rikt formidlingsprogram på Nasjonalbiblioteket på Solli plass heile veka.
For å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse har regjeringa lagt til rette for eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket. Formålet med Fosseforedraget er å bringe den internasjonale tenkinga rundt litteratur til Noreg, og formålet med Fosseprisen for omsetjarar er å hylle dei som tek med norsk litteratur ut til resten av verda. Med dette har vi fått ein ny kulturtradisjon i Noreg, som tek sikte på å vare i generasjonar framover.