Logg inn English

Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar

For å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse har regjeringa lagt til rette for eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket. Formålet med Fosseforedraget er å bringe den internasjonale tenkinga rundt litteratur til Noreg, og formålet med Fosseprisen for omsetjarar er å hylle dei som tek med norsk litteratur ut til resten av verda. Med dette har vi fått ein ny kulturtradisjon i Noreg, som tek sikte på å vare i generasjonar framover.

Foredragshaldaren for Fosseforedraget 2026 og vinnaren av Fosseprisen for omsetjarar 2026 blir kunngjord 21. januar 2026.

Ei årleg heidring av Jon Fosse

I desember 2023 oppretta regjeringa eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, i regi av Nasjonalbiblioteket, for å heidre Nobelprisvinnaren i litteratur, Jon Fosse. Det første Fosseforedraget vart halde i april 2025 av den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion, og den første vinnaren av Fosseprisen for omsetjarar var den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel.

Fosseforedraget har som mål å løfte litteraturen som kunstform fram i den offentlege samtalen. Foredraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis.

Fosseprisen blir delt ut i samarbeid med NORLA, og går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk. Prisen på NOK 500 000 er den største omsetjarprisane i verda av sitt slag, og hyllar dei som arbeider med det norske språket og gjennom sitt virke gjer norsk litteratur tilgjengeleg for eit internasjonalt publikum.

Fra venstre: Aris Fioretos, Live Lundh, Sara Abdollahi, Mads Rosendahl Thomsen, Eirik Vassenden. Fotokreditering, fra venstre: Sara Mackey; Katinka Hustad / Morgenbladet; Privat samling; Liv Rohde; Jan Alsaker.

Fosserådet

Nasjonalbiblioteket har oppretta eit skandinavisk Fosseråd som fungerer som eit fagleg rådgjevande organ for Fosseforedraget. Rådet bidreg både i det faglege arbeidet og i utveljinga av foredragshaldar. Medlemmene vert oppnemnde for to år om gongen. Det noverande rådet består av: Live Lundh (N), Eirik Vassenden (N), Aris Fioretos (S), Sara Abdollahi (S) og Mads Rosendal Thomsen (DK).

Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2025

24. april 2025 fann det første Fosseforedraget stad på Slottet i Oslo. Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det nykomponerte foredraget Skaping, før Hennes Kongelige Høgheit Kronprinsesse Mette-Marit, saman med Margit Walsø, direktør i NORLA, delte ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel.

To menn på grønn bakgrunn

Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar 2025

24. april 2025 fann det første Fosseforedraget stad på Slottet i Oslo. Den franske filosofen Jean-Luc Marion heldt det nykomponerte foredraget Skaping, før Hennes Kongelige Høgheit Kronprinsesse Mette-Marit, saman med Margit Walsø, direktør i NORLA, delte ut den nyoppretta Fosseprisen for omsetjarar til den tyske omsetjaren Hinrich Schmidt-Henkel. Den norske musikaren og komponisten Anja Lauvdal framførte eit nytt verk inspirert av teksten til Marion, og nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre leia arrangementet.

Jon Fosse om foredragshaldar og prisvinnar i 2025

Nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse var svært nøgd med både foredragshaldaren og prisvinnaren for 2025.

Foredragshalder Jean-Luc Marion (f. 1946) har vigd karrieren til studiet av mellom anna fenomenologi og teologi. Marion snakket om litteraturen frå sitt perspektiv i Fosseforedraget.

– Han lagar eit veldig solid rom for litteratur når det gjeld å forstå og oppleve livet eller lære noko, for eksempel om kjærleik, og om Gud for den del, seier Jon Fosse om Marion.

Fosseprisen for omsetjarar skal bidra til å heidre omsetjarkunsten og understreke den viktige rolla omsetjarane har når det gjeld å bringe norsk litteratur ut i verda.

Prisvinnar Hinrich Schmidt-Henkel har sidan 1987 arbeidd med å omsetje litteratur frå norsk, dansk, fransk og italiensk til tysk, og har mellom anna omsett Jon Fosse, Tarjei Vesaas, Henrik Ibsen, Cecilie Løveid og Ruth Lillegraven.

– Tyskland har tradisjonelt vore det viktigaste landet for omsett norsk litteratur, og i mange år har Hinrich vore den viktigaste tyske omsetjaren, så eg synest dette er eit heilt opplagt val, seier Fosse.

Jean-Luc Marion. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket
Hinrich Schmidt-Henkel. Foto: Gorm K. Gaare/Nasjonalbiblioteket

Undertekstar finst på norsk og engelsk.

Undertekstar finst på norsk, tysk og engelsk.

Hinrich Schmidt-Henkel

Hinrich Schmidt-Henkel (f. 1959) sitt første møte med norsk litteratur var som seksåring med Thorbjørn Egners Kardemomme by. I 2025 vart den tyske omsetjaren den første til å bli heidra med Fosseprisen for omsetjarar.

Hinrich Schmidt-Henkel er djupt engasjert i norsk litteratur og har omsett ei rekkje norske forfattarar, mellom anna Jon Fosse, Kjell Askildsen, Henrik Ibsen, Ruth Lillegraven, Cecilie Løveid og Tarjei Vesaas.  

I denne videoen deler han sine tankar omkring omsetjarkunsten og fortel om de mange lidenskapane omsetjaryrket bind saman, som kjærleik for litteratur, språk og kultur.


Undertekstar finst på norsk og engelsk.

Jean-Luc Marion

Den franske filosofen og teologen Jean-Luc Marion haldt det første Fosseforedraget på Slottet i april 2025.

Marion er tidlegare student av den store franske filosofen Jacques Derrida, og ein av dei største nolevande tenkarane i Europa. Han har skrive om visuell kunst og har eit nært tilhøve til litteraturen, spesielt poesien. 

Som teolog og filosof kan han sjå litteraturen frå ein unik ståstad, og dette samsvarar med Fosseforedraget sitt mål om å setje tenkinga i sentrum og utforske litteraturen frå ulike perspektiv og stemmer.

Sjå tilstellinga og andre arrangement i opptak her

Les talen til hennar kongelege høgheit kronprinsesse Mette-Marit

Les talen til kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery

Les takketalen til Fosseprisvinnar 2025 Hinrich Schmidt-Henkel

Har du spørsmål om Fosseforedraget og/eller Fosseprisen?

Ta kontakt med ansvarleg for Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar, Martine Jonsrud, eller presseansvarleg Nina Bræin.

Martine Jonsrud
Ansvarleg for Fosseforedraget og Fosseprisen for omsetjarar
martine.jonsrud@nb.no
(+47) 45 11 16 35

Nina Bræin
Presseansvarleg
nina.brain@nb.no
(+47) 95 15 09 12

Meld deg på vårt nyhendebrev

Få oppdateringar om Fosseforedraget og Fosseprisen! Nyhendebrevet er på engelsk for å gjere innhaldet tilgjengeleg for lesarar over heile verda.

A newsletter for The Fosse Lecture and the Fosse Prize for Translators.

Påmeldingen er bekreftet

Takk for at du meldte deg på Nasjonalbibliotekets nyhetsbrev

The Fosse Lecture signup

Dette feltet er for valideringsformål og skal stå uendret.