100 år med yoga


Kva skal skje?
Yogainstruktør Salila Gyanjot, professor i religionsvitskap Knut Axel Jacobsen og ordstyrar Shana Fevang Mathai pratar om dei mange røtene til yogaen i India og historia om praksisen her i Noreg. Den fysiske yogaen kom så smått til Noreg i 1950-åra, men i løpet av dei siste tjue åra har det nærmast blitt ein folkesport. I dag kan du ta intensivtimar på 30 minutt på treningssenter utan å høyre så mykje som eit ord om medvit, meditasjon eller nirvana. Mange utdannar seg til å bli instruktørar, og det dukkar stadig opp nye studio som spesialiserer seg på læra til éin guru. Vi er nysgjerrige på kva vi står att med av den opphavlege yogaen. Og er det så nøye?
Etter samtalen inviterer vi publikum med på ei to timars yogaøkt med instruktøren Eduard Romanenko. Her vil vi få instruksjonar i det som heiter ashtanga-yoga, i stigande vanskegrad. Ta med di eiga matte hvis du vil vere med på yogaen. Mellom panelsamtalen og yogaen serverer vi chai trakta på assamblad og krydder og søta med jaggery – laga av restaurant Credo.
Kven møter du?
Salila Gyajot er grunnleggjar av Northern Light Yoga, der ho underviser i Kundalini-yoga.
Knut Axel Jacobsen er professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo. Jacobsen har gitt ut bøker om yoga, buddhisme og hinduisme.
Shana Fevang Mathai er musikkvitar og formidlar med erfaring som lærar og tidlegare programleiar i NRK.
Eduard Romanenko er utdanna yogainstruktør med mange års erfaring frå ulike yogatradisjonar. I dag underviser han mellom anna i Ashtanga. I tillegg er han forskar innen berekraft, med doktorgrad i systemdynamikk.
Når og kor?
Tirsdag 9.desember 18:00-21:00
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110.
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha billett for å sikre deg plass. Hent billett her: Hent billett!
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst. I løpet av hausten opnar dei restaurant.
Velkomen!