Kva er ei vise?

Visa som sjanger er unik for Skandinavia. Den folkelege balladen har vore svært populær oppigjennom, i sine forskjellige former. Korleis har visa forandra seg gjennom åra? Og kva er ved det same?

Det finst eit utal typar viser, som folkeviser, spotteviser, skillingsviser, sjømannsviser, drikkeviser og arbeidarviser. Omgrepet vise er gamalt, og har vore i bruk i Noreg i hundrevis av år.

– Det er vanskeleg å finne ein god definisjon på ei vise. Visa kan vere både ein sjanger og ei musikkform, og det vil alltid vekke debatt kva visa eigentleg er. Men ein kan uansett seie at ei vise er eit stykke med tekst, melodi og kontekst.

Det fortel forskingsbibliotekar Liv Kreken. Ho har ansvar for vise- og songtradisjon på Nasjonalbiblioteket og jobbar ved musikkseksjonen. Ho har vore aktiv i visemiljøet og sete i styret for Visens venner, Nye Skalder og Soon Viseklubb.

Ei vise trykt på postkort som fortel om statuar i Oslo, henta frå samlinga til Nasjonalbiblioteket

– Visa har eit folkeleg uttrykk og er enkel å forstå. Den blir skapt med tanke på eit publikum, visa som sjanger blir til i møtet med mottakaren, fortel Kreken.

Viser kan romme både nyheiter og episke forteljingar som spenner over hundreår, dei kan løfte opp dei svakaste i samfunnet, skildre kvardagen på vakkert vis eller fortelje om skjebnane til enkeltmenneske.

Ein forteljande sjanger

– Når du framfører ei vise, fortel du ei historie til ein person. Salmar, til dømes, var ein sjanger som gjekk innover, for å kome nærare det åndelege. Visa er meir verdsleg og vender seg utover, visa knyter utøvaren og tilhøyraren saman, seier Kreken.

Kva for ei tid det først kom viser i munnleg form, er vanskeleg å seie. Men vi kan vite når dei eldste trykte kom, seier Kreken:

– Visa Falkvor Lommansson er ein såkalla ballade, og vi trur den er ei av dei eldste visene vi har. Visa handlar om kjærleik og bruderov. Vi veit også at brudeparet eksisterte i verkelegheita. Namna er noko omskrivne, men mange av detaljane stemmer. Det er derfor truleg at visa kan vere skriven rundt 1300.

Visa Falkvor Lomansson i Hulda Garborgs Norske dansevisur frå 1923:

I visa bortfører helten, Falkvor Lommansson, den vakre jomfrua Vendelin når ho skal gifte seg med Torstein Davidsson. Torstein rir etter for å ta tilbake si komande kone. Dei møtest og kjempar eit blodig slag, der Lommansson tar sigeren. Davidsson må vende heim att, utan ære og brud. I verkelegheita røva den svenske riddaren Folke Lagmansson jomfru Ingrid Svantepolksdotter frå David Torstenson, som ho skulle gifte seg med i 1288.

Dei eldste folkevisene våre kallar vi i dag mellomalderballadar. Det er den eldste forma for songlyrikk som vi kan identifisere, sjølv om vi veit at folk både song og skreiv ned komposisjonar før den tid.  

Du kan sjå Kim Rysstad framføre «Draumkvedet», eit anna døme på ein mellomalderballade, på Nasjonalbiblioteket her:

Visa var tilgjengeleg for alle

Etter å ha blitt spreidd gjennom munnleg tradisjon i mange år, blei visa etter kvart også tilgjengeleg i skillingstrykk for dei aller fleste. I byrjinga var trykk noko for dei aller rikaste, med fin innbinding og fine utsmykkingar. Men etter kvart som det blei rimelegare å trykke, vaks det enkle skillingstrykket som var lett å omsette, fram.

– Noregs første boktrykkar heitte Tyge Nielssøn. Han etablerte eit trykkeri i Christiania i 1634. Dei første trykka han produserte, var visetrykk. «Encke-Suck»var ei vise om ei enke si sorg etter å ha mista mannen på havet. Den andre var En Merckelig Vise om den Yderste Dommedag. Det blei dyrt å trykke bøker på den tida, så dette korte formatet var godt eigna for trykk og sal, fortel Kreken.

En Merckelig Vise om den Yderste Dommedag i Peder Rafns Visebog (1617) frå samlinga til Nasjonalbiblioteket.

Det korte formatet er i dag kjent som skillingsviser.

– Skillingstrykk var trykksaker som ofte blei selde for ein skilling eller to. Slik spreidde ein viser, og visene fekk namn etter formatet dei fanst i. Det blei ein overgang mellom den munnlege overleveringstradisjonen og den skriftlege, opplyser Kreken.

Rykande ferske nyheiter

Sjangeren hadde si stordomstid på 1700- og 1800-talet. Utbreiinga vaks parallelt med at fleire folk lærte seg å lese i Noreg. Dei billege trykksakene blei spreidde, og visene handla ofte om gode historier og nyheiter frå land og strand. Slik sett blei dei forløparar for avisene – berre at materialet kunne framførast som song.

Det finst skillingsviser om mord, skipsforlis, naturkatastrofar, kjende personlegdomar og debattar. Forteljingane var ofte rykande ferske, i bokstavleg forstand:

– På byrjinga av 1900-talet oppstod det ein brann i Kongens gate i det som då heitte Kristiania. Visediktaren Anton Andersen, også kalla Jumbo, var kjend for å skrive og selje viser på skillingstrykk. Det seiest at han rakk både å skrive visa, få ho trykt og få ho ut i sal i gatene i Kristiania før brannen blei sløkt, fortel Liv Kreken og fortsetter:

– Det blir også sagt at brannvesenet fekk beskjed om at brannen var i Konows gate, ikkje Kongens gate. Så det tok litt ekstra tid før dei kom seg til rett plass.

To nye viser: Den første om Oprøret Paa Mangelsgaarden, Den anden De elleve Gaslygter paa Carl Johansgade er eit anna døme på ei aktuell vise. Frå samlinga til Nasjonalbiblioteket.

Skillingstrykket hadde vore ein billeg og tilgjengeleg måte å få musikken ut til folket på, i munnleg form. Den hadde vore populær blant allmugen, men ikkje hos dei lærde. Det skriv Anne Sigrid Refsum i si doktoravhandling Skillingsvisene i Norge ca. 1780–1860. Mellom muntlighet og massemedium (NTNU, 2024).

Dei dansk-norske lærde viste «bekymring rundt det lite oppbyggelige innholdet i skillingsvisene» og kva det gjorde med sinnstilstanden til allmugen, fortel Refsum i sin doktoravhandling. Vidare fortel ho at ein heller ønskte «Skillingsviser som forkynner god kristen moral og oppfordrer til at sangerleseren skal beskikke sitt hus».

Eit skillingstrykk frå 1817 med tittelen En fattig drengs skjæbne, hentet frå samlinga til Nasjonalbiblioteket.

Det var kanskje ikkje så rart at dei kunne føle seg litt trua, om ein ser på kor utbreidd skillingsvisene blei:

– Det blei ein stor industri med skillingstrykk. Seljarane reiste rundt der folk samla seg og baud fram visetrykka. Mange av dei gjekk på kjende melodiar slik at ein ikkje trong notar. Slik var trykka både lette å formidle og lette å synge, fortel Kreken.

Nye format, same status

På 1900-talet dukka det opp stadig fleire format som gjorde tilgangen på songar, musikk og tekst lettare. Grammofon, bøker og aviser var med på å spreie musikken vidare. Folk kunne spele av musikken heime på nymotens apparat, eller slå opp i bøker som samla kjende og kjære viser, for å finne notar eller tekst.

Snart dukka det opp enda eit nytt format som skulle gi namn på ein visesjanger, revyvisa. Revyen kom til Noreg mot slutten av 1800-talet, men auka i popularitet på 1900-talet. Etableringa av Chat Noir, den første kabaretscena i Noreg, var heilt sentral. Det hende i 1912.

Desse fotografia er tatt av Hans Henriksen i 1927 på Chat Noir:

Songar og kabaretartist Bokken Lasson stod bak etableringa. Ho blei inspirert etter å ha sett ei kabaretframsyning i Paris. Lasson var leiar for Chat Noir fram til 1917. Då tok revyartist Victor Bernau over. Han transformerte kabaretscena til eit episenter for det moderne, folkelege revyteateret. Men revyen kunne også vere alvorleg, fortel Liv Kreken:

– Revyen er jo ei samansetting av aktuelle saker. Visene var heile tida aktuelle, dei inneheldt sleivspark mot kjende personar, hendingar og øvrigheita. Under okkupasjonen kunne ein verkeleg sjå kor breitt nedslagsfelt revyvisa kunne ha. SS kravde å få teksten på alle songane før premiere og sensurerte det dei ikkje likte. Så drog dei på premieren, og om det blei ein sterk respons med applaus og latter som dei ikkje direkte forstod, så sensurerte dei det også. Revyen var ein trussel for dei, og dei følgde han tett.

Likevel hadde sjangeren framleis status som noko lågkulturelt. Men det skulle snart endre seg.

Visens venner gir auka status

Etter krigen opplevde visesongane ei endring i status, og gjekk gjennom ei klassereise.


Sentralt i sjangeren si klassereise var foreininga Visens venner. Foreininga skulle vere ei uhøgtideleg samanslutning av dei som var oppteken av  av visa som kunstart. Nokre av medlemene var Alf Prøysen, Thorbjørn Egner, Ingeborg Folkestad og Vidar Sandbeck. Det var avgjerande at mange av medlemene jobba i NRK. Dei løfta fram visa og hjelpte med å reinvaske ho.

Alf Prøysen var eit sentralt medlem i Visens venner. Foto: Rigmor Dahl Delphin, Oslo Museum

– Dei arrangerte visekonkurransar, var aktive i media og snakka opp visa som kunstform. Dei var opptatt av den gode visa og visa som kunstform, seier Liv Kreken.

Det aller første kulturinnslaget i NRK Fjernsynet var Jens Gundersen som song si eiga «Voggevise». Gundersen var ein av medlemene i Visens venner.

Jens Gundersen under prøvesendingen til NRK (1954)

Ettersom mange av dei jobba i NRK, blei visesjangeren også utbreidd på radiokanalane, som dei fleste hushaldningar skrudde på i stova.

Ei bølge for visa

Visens venner ville først og fremst formidle det klassiske og estetiske ved visa. Det skulle det kome ein motreaksjon på. Den nye interessa for handverket som låg bak visa, skapte nemleg eit nytt fagmiljø og engasjement. 1960-talet var ei brytingstid og ei tid for motkultur, både globalt og i Noreg. Ein ønskja at innhaldet visa  skulle vise turbulensen i samtida.

– I den nye visebølga var det slik at alle skulle få vere med. Det var også fleire i den eldre generasjonen som meinte at ein skulle vere forsiktig med å provosere unødig med innhaldet i teksten. Dei nye visesongarane ønskte seg meir politisk innehald, fortel Kreken, medan dei eldre ville hegne om «den gode visa».

Klubbar og grupper poppa opp over heile Noreg. Spesielt i nord med den ruvande skikkelsen Jack Berntsen, som blir kalla den nordnorske visebølga sin far.

Visegruppa Amtmannens Døtre blei starta under årsmøte i Kvinnefronten i 1974. Dei hadde ein politisk, radikal profil. Foto: Ukjend fotograf, 1975, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Ut av denne nyvunne interessa for visa vaks det fram eit miljø som til slutt danna paraplyorganisasjonen Norsk Viseforum i 1975. Miljøet blei ytterlegare styrkt gjennom viseklubbar, trykksaker og andre viseforum. I dag organiserer Norsk Viseforum om lag 3000 medlemer frå meir enn 60 viseklubbar, kor og arrangørar.

På 1970-tallet byrja også arbeidet med å få samla materiale frå visehistoria i eit norsk visearkiv.

Arkivet kunne «aktivt fremje interessa for og auka kunnskapen om viser, og drive viseforsking» ifølgje den første søknaden som blei send til Norsk kulturråd, i 1978. Søknaden blei avslått. Nokre år seinare og etter ein grundig prosess med involverte både frå fagmiljø og utøvarorganisasjonar blei ein ny søknad endeleg godkjend, og Visearkivet blei formelt skipa i november 1982.

I 2014 blei Norsk visearkiv (saman med Norsk Jazzarkiv og Norsk folkemusikksamling) innlemma i Nasjonalbiblioteket som ein del av musikksamlinga.

Nasjonalbiblioteket har hatt ein serie arrangement om visas historie i Noreg i 2024 og 2025.

Høyr desse arrangementa og mange fleire i vår podkast NB:Arrangement.

KILDER

Refsum, Anne Sigrid: Skillingsvisene i Norge ca. 1780–1860. Mellom muntlighet og massemedium, doktoravhandling (NTNU, 2024):

https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/3134787/Anne%20Sigrid%20Refsum_PhD.pdf?sequence=1&isAllowed=y

Kreken, Liv: Mytene om visens venner, Aftenposten Historie, Nr. 7. 2018

Kreken, Liv: Er du i tvil så er det ei vise! Om viser, vitskap og Velle Espeland, Sanglyrikk: teori, metode, sjangrer, Scandinavian Academic Press, 2023

Intervju med Liv Kreken

Arrangementet Norsk visehistorie: Opplev 70-tallets viseverksted, 24.09.2024

Lær meir om visas historie i Noreg: