Logg inn English
Plakat med teksten «HANDVERKSFESTIVALEN» i lyseblå bokstaver på brun bakgrunn, med illustrasjon av et tau øverst til venstre og en fisk nederst til høyre.

Kva kan du oppleve? 

Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket er ein årleg festival som feirar den materielle kulturarven vår. Gjennom verkstader, panelsamtalar, foredrag og kunstopplevingar formidlar vi kunnskap om alt folk har laga med hendene i tidlegare tider.

I år er temaet for festivalen havet. Ein viktig arbeidsplass, eit rikt matfat og ei kjelde til forteljingar, kunst og musikk. Vi byr på over tjue arrangement over to dagar.

Sjå heile programmet her!

Fredag 12. september 16:00-23:00

Opne verkstader på uteområda 

Fiskerøyking på gamlemåten. Credo røykjer makrell utanfor biblioteket, og du kan få smake.  

Reparasjon og stell av gammal trebåt. Båteigar og handverkar Trond Solberg har teke med seg oselvaren sin til Nasjonalbiblioteket.  

Garnbøting og spleising av tau. Harald Haraldsen er på plass utanfor biblioteket med sundrivne taustumpar og øydelagde garn, slik at du kan få lære kunsten å reparere.  

Inne på biblioteket  

Plantefiber blir til tau og trosser. Reipslagar Ingunn Undrum tvinnar jutefiber til eit langt tau. Du kan få prøve sjølv og lære om tauverk av hamp, manila, kokos og jute. Open verkstad.  

Lær knopar og stikk du må kunne på havet. Du lærer båtsmannsknop, pålestikk, halvstikk og andre knutar. Open verkstad.  

Filmframsyning. Historiske filmar om havet. Vi viser fram gamle filmopptak om fiske og sjøfart frå arkiva til Nasjonalbiblioteket.   

Teikn di eiga sjømannstatovering. Open verkstad.  

Sjøkarta frå 1500-talet. Omvising i kartsenteret med forskar og kartekspert Benedicte Gamborg Briså.  

Anker på armen og hjarte på brystet. Foredrag om sjømannstatoveringar med Tor Ola Svennevig.   

Pop-up-tatoveringsstudio: Sjømannstatovering. La deg tatovere med klassiske sjømannsmotiv.  

Skarvane frå Utrøst og andre segner frå havet. Skodespelar Gjertrud Jynge og lydkunstnar Hans Kristen Hyrve lagar ein stemningsfull forestilling om skjulte øyrike og huldrefolk i fugleham.  

Person med lilla redningsvest merket «NAUTIC» ror en båt med treårer på vannet. Ansiktet er uskarpt, og i bakgrunnen sees både moderne og eldre bygninger langs vannkanten under delvis skyet himmel.
Illustrasjon av flere personer som samarbeider om å dreie en vinsj (capstan) mot blå bakgrunn. Midt i bildet står teksten: «Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket – SHANTY!»
Nærbilde av tykke tau som er surret rundt treplugger festet i en horisontal trebjelke, med flere tau og treverk synlig i bakgrunnen.
Nærbilde av hender som arbeider med flettet tau eller hyssing, mot mørk og teksturert bakgrunn. Personen knytter eller vever materialet.

Laurdag 13. september 10:00-19:00

Opne verkstader på uteområda 

Fiskerøyking på gamlemåten. Credo røykjer makrell utanfor biblioteket, og du kan få smake.  

Reparasjon og stell av gammal trebåt. Båteigar og handverkar Trond Solberg har teke med seg oselvaren sin til Nasjonalbiblioteket.  

Garnbøting og spleising av tau. Harald Haraldsen er på plass utanfor biblioteket med sundrivne taustumpar og øydelagde garn, slik at du kan få lære kunsten å reparere.  

Inne på biblioteket  

Sjømatverkstad. Credo held sjømatverkstad.  

Teikn di eiga sjømannstatovering. Open verkstad.  

Filmframsyning. Historiske filmar om havet. Vi viser fram gamle filmopptak om fiske og sjøfart frå arkiva til Nasjonalbiblioteket.  

Lær makramé. Lag ditt eige armband slik sjøfolk gjer det. Verkstad med billett. 

Sy i selskinn. Verkstad der du får sy i handgarva selskinn. Med  duojárane Inga Elise Påve og  Linn Margrete Påve. Verkstad med billett.  

Fangstkvinna og syerska Ada Blackjack (1898-1983) Foredrag ved førsteamensuensis Silje Gaupseth. Om ekspedisjonar og kolonialisme, og bruken av urfolk sin kunnskap om handverk og jakt.  

Strikk og lytt. Foredrag om sjøvottar og forsterking med hestetagl.  

Anker på armen og hjarte på brystet. Foredrag om sjømannstatoveringar med Tor Ola Svennevig.   

Pop-up-sjømannstatovering. La deg tatovere med klassiske sjømannsmotiv.  

Etande foredrag om tørrfisk. Et deg gjennom noregshistoria med tørka fisk. Foredrag ved Einar Stamnes  

Shanty! Lær om visetradisjonen til sjøs, og syng med.  

Plakat med teksten «Handverksfestivalen på Nasjonalbiblioteket – SJØKARTA FRÅ 1500-TALET».

Handverkstradisjonane er høgst levande her til lands og ein sentral del av den felles kulturarven vår. Dette er historiekunnskap som sit i hendene, og som knyter oss saman på tvers av landegrenser og tidsperiodar. Nasjonalbiblioteket ønsker å ta vare på handverkstradisjonane gjennom denne årlege festivalen. Vi arrangerer verkstader, foredrag og samtalar som set tradisjonane i eit historisk perspektiv.

Kvifor lagar vi ein handverksfestival?

Handverk er kultur, og det å laga ting er kunnskap som ofte går i arv. Handverkstradisjonar har blitt møtt med ein heilt ny interesse dei siste åra. Folk liker å lage ting sjølv, og deler idear og kunnskap med kvarandre, uavhengig av alder og geografi. Men nokre av tradisjonane våre står og i fare for å bli gløymde, mens andre har endra seg så sterkt gjennom tidene at dei knapt er til å kjenne igjen. Gjennom denne årlege festivalen vil vi trekke fram handverk det er verdt å halde på.

nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av bøker, tidsskrift og oppskrifter som er digitaliserte og søkbare, og interessa er stor for strikkeoppskrifter, bøker om lafteteknikk og mattradisjonar. 

Sort-hvitt-fotografi av en person som arbeider med å bygge eller reparere en trebåt i et verksted. Båten står på støtter, og verktøy og materialer er spredt rundt i rommet med trevegger og bjelker.