24
nov

Skaldelære. Liv Gulbrandsen framfører den yngre Edda

oiewijefiowef oiweoifweoi fweoi fwio efoiwfio wefio wefioweoifwefi weiofweoifoiwefiowefiowefiowefoiwefoiweoi
Fredag 24. november 2017, at 18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket

Den yngre Edda, skriven av Snorre Sturlason omkring år 1220, er ei hovudkjelde til kunnskap om norrøn mytologi og skaldskap. Her finn vi ei samla framstilling av den norrøne gudelæra, med meisterlege gjenforteljingar av dei gamle mytane, så som Tors fiske og Balders død.

Liv Gulbrandsen har sveitta og studert gudar og kenningar, og tek oss no med på ei forrykande reise frå urtida via Ragnarok til livet i Åsgard. Gulbrandsen har tidlegare gjort suksess med mellom anna Knausgårds Min kamp på 90 minutt og Fifty Shades of Grey på 50 minutt, men no er det altså Edda som skal til pers.

Gulbrandsen skulle eigentleg ha framført dette føredraget i september, men grunna ei uheldig hending med ein sykkel, ein rørleggjar og ein hund gjekk det ikkje heilt som planlagt. Men no kjem ein ny sjanse!