Arrangementer

Norske filmskatter: Reisen til julestjernen (1976) filmvisning og samtale  

Et tent stearinlys, en ung kvinne med bølgende blondt hår ser litt opp mot himmelen, i sang
Stillbilde fra Reisen til julestjernen, 1976. Foto: Ivar Greftegreff
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Gratis
Billettane blir lagt ut tre veker før arrangementet

År etter år ser vi dei same julefilmane. Manglar vi kritisk sans når vi set oss framfor eit nostalgisk jule-epos vi kan utanåt?

Når Nasjonalbiblioteket inviterer til vising av 70-talsklassikaren Reisen til julestjernen (1976), skal vi kose oss med mellomalderkostyma, dei nylagde krøllene til Hanne Krogh og Harald Heide Steen jr. si gjøgla traktering av lutt. I tillegg vil vi finne ut av kva det er som gir oss den nostalgiske kjensla, og dei uunngåelege spørsmåla: Er det ei god forteljing, er dialogane truverdige, og korleis er skodespelet?    

Velkomen til førjulsstemning – med popkornmaskina klar i Kafé Å.    

Det er gratis å kome, og vi legg ut billettane tre veker før arrangementet.