Stillelesing. Brynjulf Jung Tjønn presenterer Yohan Shanmugaratnam

Stadig fleire strøymer til stader som tilbyr djup konsentrert lesing, heilt fritt for skjerm – i fellesskap med andre. Og no kan du oppleve dette på Nasjonalbiblioteket. Her får du to heile timar til å lese tekstar som har sett spor etter seg i norsk litteratur – valt ut av nokre av landets fremste forfattarar. Som inngang til den utvalde teksten får du også eit essay som insisterer på viktigheita av å lese akkurat den teksten dei har valt ut.
Denne gongen er det den prislønte forfattaren Brynjulf Jung Tjønn som har valt opninga av Yohan Shanmugaratnam si bok, Vi puster fortsatt (2020).
Om denne boka skriv Tjønn mellom anna: «Vi puster fortsatt er ei av desse bøkene som endrar livet ditt. Etter å ha lese denne boka, så forstod eg plutseleg at eg ikkje var aleine.»
Brynjulf Jung Tjønn har skrive mange kritikarroste bøker for barn og vaksne og for si siste bok, Kvit, norsk mann, fekk han Kritikerprisen. Yohan Shanmugaratnam trefte svært mange med boka Vi puster fortsatt, og ho har allereie blitt omtala som eit moderne meisterverk om rasisme.
Arrangementet er gratis og opent for alle. Vi puster fortsatt og Kvit norsk mann vil vere til sals i Nasjonalbiblioteket sin bokhandel etter stillelesinga.
Velkommen!