Gamle kjelder, nye triks. Slektshistoriedag

Laurdag 18. november • kl. 11.00-15.00
I Nasjonalbibliotekets samlingar finst historia om dei som levde før oss. Denne laurdagen samlast ekspertar frå Norsk lokalhistorisk institutt, Slekt og Data og Nasjonalbiblioteket for å halde føredrag og demonstrere nye måtar å finne fram i gamle kjelder på. Forfattar Toril Brekke, som har skrive ei rekkje historiske romanar, kjem for å fortelje om forfattarskapen sin, og om korleis ho har arbeidd med kjeldematerialet.
Program for dagen
Kl. 11-11.30: Mange er nysgjerrige på de som var før oss. Det viser interessen for TV-programmer som «Hvem tror du at du er» og trafikken på nettsider som Digitalarkivet, ulike etterlysningsforum på Facebook og sidene til Slekt og Data.
Slekt og Data Oslo/Akershus er til stede på slektshistoriedagen, og Sigbjørn Elvebakken snakker om hvordan vi kan følge våre forfedre fra vogge til grav på internett.
Kl. 11.30-12: Utvandrere i norske kilder. Man må ofte ty til amerikanske og kanadiske kilder for å spore utvandrerne i slekta, men det er også mye å finne på vår side av dammen. Vi ser litt på noen av de som dro og sporene de etterlot seg i norske kilder – og ser om vi finner ut mer om hvem de var, hvor de dro og hva som skjedde ved å lete i det digitale biblioteket på nb.no, i Digitalarkivet og på Lokalhistoriewiki. Ved Chris Nyborg fra Norsk Lokalhistorisk institutt.
Kl. 12.15-12.30: Pause
Kl. 12.30-13.15: Toril Brekke (f. 1949) debuterte som forfattar i 1976, og har sidan skrive ei rekkje romanar, ungdomsbøker og noveller. Med romanen «Granitt» (1994) vann ho eit stort publikum både i Noreg og i utlandet. I 2001 stadfeste ho posisjonen sin som historisk romanforfattar med «Sara», før ho følgde opp med «Brostein» (2003) og «Bergskatt» (2004). Med «Drømmen om Amerika» (2006), «Gullrush» (2008) og «Det lovede landet» (2010) har ho skrive den nye, store utvandrarforteljinga. Ho har òg gjeve ut slektsromanen «Marmor» (2014), og i haust kom den vakre og såre barndomsskildringa «Alle elsket moren din».
Kl. 13.15-13.30: Pause
Kl. 13.30-14: Digitalarkivet.no – arkivkjelder til slekts- og lokalhistorisk forsking. Ved Kristian Hunskaar frå Arkivverket.
Kl. 14-14.30: Nasjonalbiblioteket viser fram sitt nye søk, og nye nettsider. Vi gjev ei praktisk innføring i kjeldene og hjelpemidla våre og presenterer den unike samlinga vår. Ved Anders Kvernberg.