Avsluttet utstilling

In spe – Forfattarars kreative barndom

13. oktober 2017 – 7. april 2018Gratis inngang
Bilde fra In Spe-utstilling

Blant breva og manuskripta i Nasjonalbibliotekets samling finst også materiale som forfattarar og andre kunstnarar skapte i barne- og ungdomstida. Henrik Wergeland karikerte statane i Europa. Ivar Aasen førte systematisk rekneskap over eigen trostefangst. Sigrid Undset laga fyrstikkteater og mengder av miniatyrbøker. André Bjerke teikna og skreiv aviser for hand – enkelte utgåver i fleire eksemplar! Ebba Haslund, 7 år, skreiv brev frå ei eventyrleg reise i Kina.

Utan å trekkje liner til den etablerte forfattarens verk, inviterer Nasjonalbiblioteket til ei utstilling der begeistring og forundring over det kreative uttrykket til barn og unge får stå i sentrum. I utstillinga viser Nasjonalbiblioteket eit fargerikt, kuriøst og til tider overraskande materiale laga av kjende norske forfattarar in spe.