4
nov

Levande brev: natur

Bilde: Kitty L. Kielland, Sommernatt
Torsdag 4. november 2021, at 19:00 – 20:30
Nasjonalbiblioteket – Målstova

Kari Slaatsveen,  Gjertrud Jynge, Paul-Ottar Haga, Sarah Francesca Brænne, Hermann Sabado og «Meg og kammeraten min»

Naturen omgir oss på alle tenkelege vis. Vi lever i han, og av han. Han er kjelde til kunst, filosofi og rekreasjon, til næring, rikdom og utnytting. I Nasjonalbiblioteket si brevsamling finn ein spor etter naturen i kvar krok. Og denne kvelden kjem  Gjertrud JyngePaul-Ottar Haga, Sarah Francesca Brænne og Hermann Sabado for å lese brev frå  mellom anna Charles Darwin, Kitty Kielland, Edvard Grieg. Kari Slaatsveen er programleiar, og «Meg og kammeraten min» set tonar til kvelden. 

Under fana «Levande brev» inviterer Nasjonalbiblioteket til opplesing av brev frå den norske kulturhistoria. Vi har allereie teke føre oss kjærleiken, katastrofen, reisa, ulykka, kamp og mødrer. Denne gongen er det naturen som står for tur. 

***

Arrangementet er gratis og ope for publikum i lokala til Nasjonalbiblioteket på Solli plass. Det er ikkje naudsynt med billett, men du kan sikre deg plass ved å bestille ein i forkant.  

Arrangementet blir strøymt direkte på nb.no og på Facebook. Du treng ikkje billett for å sjå den digitale sendinga.