Arrangement
7
mai

NY DATO: Kvinners makt i mellomalderen

En mann og en kvinne holder hender. Mannen har krone på hode og gullfarget kjortel. Kvinnen blå kjole.
Detalj fra Codex Hardenbergianus, illuminasjon til giftemålsbolken
Tirsdag 7. mai 2024, at 19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket – Målstova
Kvinneliv i mellomalderen: historier om makt og avmakt
Gratis
Uavhenta plassar blir frigjort 5 minutt før arrangementet startar.

NB! Arrangementet er dessverre utsett til 7. mai på grunn av innstilte flyavgangar.

Korleis levde kvinner i mellomalderen i Noreg? Kva slags makt hadde dei, og kva slags vern hadde dei gjennom lovverket?   

Magnus Lagabøtes landslov av 1274 var godt nytt for norske kvinner. Med denne lova fekk alle kvinner arverett og eit sterkare rettsvern mot vald. Kjelder fortel at kvinner brukte lova for å vinne fram i retten. 

Men det skulle likevel ikkje mykje til for at kvinner blei hardt straffa viss dei tråkka utanfor normer og lover. Dei kunne bli gjort arvelause viss dei gifta seg med nokon andre enn det giftingsmannen gav råd om. Utruskap fekk rettslege konsekvensar. Vi dykkar inn i livet til mellomalderkvinna – for å lære meir om ho som borgar, kone, dotter og rettssubjekt – og har samla nokre av dei fremste forskarane i landet: historikar Miriam Tveit, arkeolog Unn Pedersen og historikar Randi Bjørshol Wærdahl. Ordstyrar for kvelden er redaktør og forfattar Marte Spurkland

Arrangementet er gratis, og du kan strøyme det på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.

Arrangementet i Målstova er fullteikna, men det er framleis mogleg å oppleve kvelden hos oss! Vi overfører sendinga direkte på storskjerm i andre rom på Nasjonalbiblioteket. Hent billett her! NB! UTSETT TIL 7. MAI!